Vigsle ved fjorden

0262
Eg lova bort bryllupsbonanza på bloggen, her kjem første del! I alle bryllup er det ofte ein del av dagen som blir litt ekstra minneverdig, og i dette bryllupet var det definitivt vigsla. Det regna før vigsla, og fem minuttar etter brudeparet sa ja var regnet tilbake. Ei kvit tåke la seg over fjorden, som gav alle bildene eit magisk lys. Som fotograf er utendørs vigsle det eg er mest takksam for av alt. Det gir meg masse meir frihet og eg føler meg mykje mindre som elefant i glasshus. Ikkje minst kan brudeparet sjølv ta regi på korleis dei vil ha ting, som å velge å sitje nært kvarandre. Det er små, små detaljar som løftar det heile frå standard rituale til storslagen romantikk. Vil anbefale alle fotointeresserte brudepar å ha utendørs vigsle, nesten uansett. Syns dette brudeparet var beintøffe som hoppa i det dei femten minuttane det var opplett, ikkje minst brura som vart rodd til alters. Dei holdt kvarandre i hendene nesten heile dagen og hadde alle kjenslene utanpå. Det er faktisk ikkje verdas enklaste ting, ein kan lett gløyme kvarandre i nerver og organisering. Eg applauderar dei for å behalde roen og tillate seg sjølv å være spontane! Bryllupet varte ei heil helg, kanskje det var litt av nøkkelen, det var god tid til alt og alle. Det er jo mine topp 3 tips: god tid, masse kos og utendørs vigsle.
0021
0028
0049
00540062
0067
00640073
0083
0089
00920095
0126
0128
0137
01570155
0196
0199
0215
02300232
0233
02680282
0310
02990302
03190321
03250337
0342
0370
03500382
0392
03960449
0525
0529
05920594

Tags:
2 Comments
  • Nadia Bouhafs

    January 17, 2018 at 11:54 pm Reply

    Elsker disse. Du er dyktig! Så mange fine øyeblikk – min favoritt er med brudepar, forlover (?) og vimpel og den med paraply og kyss på kinnet. Sukk <3

  • Katrine Brattli

    January 19, 2018 at 10:53 am Reply

    Åh hurra for bryllupsbonanza! For noen levende, vakre, fine bilder! Du har virkelig fanget nydelige, glade øyeblikk.
    Liker bildet der bruden kikker ut og rundt døra. Og FOR ei nydelig brud! Smilet hennes er så vakkert og ekte! og så liker jeg bildene der de ser varmt på hverandre, kanskje rett etter at de har sett hverandre før vielsen?
    Hurra for kjærligheten!

Post a Comment