Veke 27

_DSF1992
Her kjem eit livsteikn! No for tida prøvar eg å skrive mest mulig før babyen kjem. Skrivetips: bli gravid, verdens beste deadline. Ivertfall så lenge eg klarar å holde meg våken. Pleier å våkne kvar natt kl. 04:00 for å ikkje få sove att. Så irriterande og bortkasta tid å ligge våken i mørket. Har heldigvis høyrt frå fleire gravide at dei har samme type psykedeliske netter. Blir derfor veldig søvning på ettermiddagen, så dagen pleier å avslutte seg sjølv med at eg sovnar over pulten på Nasjonalbiblioteket. Prøvar å skrive ein del for hånd for konsentrasjonens skyld, så no føler eg at eg har blitt ein slags original på biblioteket, ho gravide med penn og papir som alltid sovnar i 15-draget. Det var litt om meg og min kropp!

Tags:
No Comments

Post a Comment