Trygghet

IMG_0646
IMG_5748
IMG_5702
IMG_5539
IMG_0505
_MG_4870
_MG_4940
_MG_4958
Dei blodige gatene frå fredagskvelden er gater eg forbinder med trygghet. Eg forbinder dei med å være ung, med å føle seg trygg i folkemengden, med å gå heim om kvelden under lyktestolpar som passar på deg. Eg forbinder Paris med trygghet og fellesskap, fordi ein aldri er åleine, ein kan alltids spørre nokon etter vegen eller om du er på riktig tog. Fordi det alltid er nokon som kjeftar dersom ein går på metroen før alle har gått av. Paris er ein magisk by, det er heilt sant. Eg er sikker på at alle som var på konsert på Bataclan kjente seg like trygge som meg den kvelden, før heile verdensbildet vårt blei forandra. Berre at eg var faktisk var trygg. Heime, med ein sparkande baby i magen eg plutselig ikkje visste kva slags verden skulle få sjå. Om mitt barn kan gå rundt i Paris gater om tjue år og kjenne på den samme tryggheten eg følte der. Håpar det, sjølv om det akkurat no kjennes som om verden er ein plass der ein svarar hat med hat.

Tags:
3 Comments

Post a Comment