Slørsuksess i Slottsparken

_MG_0364
I sommar møtte eg dette brudeparet i Dronningens Hage for å ta brudebilder. Fin plass å ta bilder dersom ein ikkje vil ut av byen, men ta bilder i det grønne. Veit ikkje kvifor det er så lite folk der, kanskje fordi det virkar stengt? Litt japanske turistar tuslar rundt, men ikkje så mange. Bruden var så fin, med blå sandalar, skreddarsydd kjole og varme fargar i buketten. Anar ein trend med varme, litt snåle bukettar, etter mange år med fredelege eucalyptusbukettar. Eg fekk ei openbaring under denne fotograferinga, som var at skal det være slør må det være masse slør, og det må ikkje henge ned i bakken. Brannfakkel: Syns lange slør som festast med kam bak i sveisen skapar mykje bry under fotograferinga, kammen ødelegger ofte frisyren og folk tråkkar alltid på sløret. Ikkje minst syns det ikkje på bildene når det henger bak som ein plagsom myggnetting. Sånn. Men dette sløret var kort, definert og passa perfekt til den enkle kjolen. Likar også veldig godt korte 60-tallsslør eller slør type Jackie Kennedy. Eller Audrey Hepburn i Funny Face.
_MG_0343_MG_0321
_MG_0234_MG_0209
_MG_9672
_MG_9578_MG_0584
_MG_9573_MG_9586
_MG_0486_MG_0547
_MG_0514_MG_9701
_MG_9726_MG_9731
_MG_9870_MG_9900
_MG_9804_MG_9814
_MG_9957
_MG_9932_MG_9936
_MG_0646_MG_0601
_MG_0636
Brudeparet var veldig fine med kvarandre, dei hadde så mange subtile kjærteikn seg imellom. Eg ser jo alt bakom kameraet mitt, eg ser dei som held fram med å kysse når eg tek ned kameraet og dei som ikkje slepp kvarandre i det heile tatt under fotograferinga. Etter ei slik fotografering kan eg være heilt fylt av energi, tenk at det fins så masse forelska folk! Og mange fine folk. Spesielt på lange bryllupsfotografering får eg sett så mange nyansar av eit menneske, korleis dei er med foreldra sine, med vennene sine, når kun partnaren er til stades. Eg får sjå folk utan klede, folk som er stressa, euforiske og veldig sårbare. Eg klarar framleis ikkje sette fingeren på kvifor folk giftar seg, historisk sett har det vore ein patriarkalsk idé, eg kom over ein ekteskapslov frå 1765 ein dag, høyr her: “By marriage, the husband and wife are one person in law: that is, the very being or legal existence of the woman is suspended during the marriage, or at least is incorporated and consolidated into that of the husband.” Er ikkje det den mest skremmande setningen om ekteskap du har høyrt? Den finaste teksten eg har høyrt om ekteskap er nok den dei brukar på Tinghuset, den er så alvorlig og inkluderande, utdrag:
“Det å love hverandre kjærlighet for resten av livet, er det vanskeligste løfte vi kan gi et menneske.
Det krever at dere setter dere høye mål for samlivet, og det krever deres oppriktige
vilje til å strekke dere mot disse målene, i dag og i tiden som ligger foran.”
Syns det er næraste eg kjem ein slags forståelse for kva denne tradisjonen går ut på. Og når eg tenker tilbake på mitt og Henrik sitt bryllup er vigsla det første eg tenker på. Det tok meg med storm, det var eit favorittøyeblikk i livet. I dei minuttane tenkte eg ikkje på alt som kom før og alt som skulle komme etter, eg tenkte berre på at Henrik stod der og ville det samme som meg og kor deilig det var. Ok, no sklei det litt ut her med rant om slør og spørsmål om ekteskapstradisjonen. Takk for meg!

1 Comment
  • Mathilde Nicoline

    October 2, 2017 at 1:37 pm Reply

    Nydelige bilder! Kjempegod idé til location :)
    Ps: leser ungdomsskulen nå og elsker den!

Post a Comment