Skrive

No er det midten av november. Eg har fylt 31 år. Akkurat no ventar eg på at biblioteket skal opne, eg har drukke ein kruttsterk kaffi og ser den første snøen falle i Skovveien. I dag henta eg fåreskinnskåpa frå bestemor på loftet, eg ser fornuftig og damete ut i den. Så langt har eg brukt heile november til å skrive. Har takka nei til alle fotooppdrag, det måtte berre bli sånn. Har fått oversikt over at eg ikkje har oversikt i det heile tatt. Dagane går så fort, eg får såvidt tid til å skrive det eg tenker eg skal skrive og lese det eg vil. Kvar morgon går eg til biblioteket, avstår frå å kjøpe kaffi i kaféen, har med matpakke. Det er litt klønete reisevei, men så snart eg finn plassen min på lesesalen forsvinn eg inn i skjermen. Når eg er som mest konsentrert merkar eg at eg er sulten, eg overser det så lenge eg kan. Ein fredag var eg heime med feberbarn, spiste klementiner og bestilte pizza. I helga var me på Megazone og skøyt med laserpistol, eg tenkte ingen andre tankar inne i den mørke labyrinten. Det må være mitt beste novembertips.

Tags:
1 Comment
  • Mathilde Nicoline

    November 16, 2017 at 11:07 am Reply

    Dette var så utrolig fint. Jeg gleder meg til å lese mer av deg. Du inspirerer til å følge min egen drøm.

Post a Comment