Skrive 2

Går imot mitt eige råd om å ikkje skrive på kafé. Klarar ikkje å stenge verda ute, miljøet smittar over i teksten. Akkurat no skriv eg dette for å få ein pause, berre kludre ned det eg tenker på. Har akkurat spist ein bolle, burde valgt croissant. I dag tidleg raste fire handverkarar inn døra 07:30. Me må renovere badet, golvet sprekker opp og løsnar. Under flisene fant dei ennå eit lag med fliser, det samme må ha hendt dei som budde der før oss. Men denne gongen blir det ikkje halvvegs, til jul har me badekar. Eg skal bade med Elsa kvar kveld, akkurat som me gjorde i Italia. I ettermiddag tar me toget ut til besteforeldre, slik blir det kvar dag i tre veker. Spise frukost på toget og skrive/redigere på ein kafé nær barnehagen. Eg veit ikkje om me skal bu i den vesle treromsen for alltid, men akkurat no er det ein god tanke. Bygget er frå 1949, ein merkar optimismen frå etterkrigstida i måten det er bygd på. Naboen har budd der sidan starten, eg tenker ofte på akkurat det.

No Comments

Post a Comment