Siste

_MG_2959
Eg ser lykkelig gravid ut på dette bildet, men på innsida er eg heilt mørbanka. Var heldig å ha drømmesvangerskapet fram til rundt veke 36, før det begynte å bli virkelig tungt. Har fått beskreve desse siste veke frå andre gravide før, men har vel ikkje heilt skjønt greia. Har så vondt for å sitte og gå langt (nærbutikken reknast som langt), to egenskapar eg aldri meir skal undervurdere. Det hjelp veldig å ha ei veldig støttande jordmor som seier alle dei riktige tinga. Når eg seier at det er tungt seier ho berre “det er tungt på slutten” og når eg seier at eg kjenner meg heilt hudlaus kjenslemessig seier ho “det blir sannsynligvis ennå verre etter fødselen”. Høyres kanskje ikkje så bra ut, men det er så godt å møte den aksepterande realismen når det er umulig å tenke positivt. Heldigvis får eg brukt opp heile januar og halve februar, verste vinteren, på desse siste vekene. Det er ei rosin i pølsa. Kjem også til å savne alt som skjedde før veke 36, og det å ha liv i magen. Babyspark frå innsida er nok det beste eg har opplevd, sjølv om eg er utålmodig på å få babyen trygt ut i verden. Har ytra at fødselen umulig kan være verre enn den siste tida, men det kan eg jo komme tilbake til om eit par veker.

2 Comments
  • Du skriv så fint! Det beste er når folk seier ting slik dei er, sjølv om det nokre gongar kan vere kjipt. Bestilte forresten den nye boka di i dag. Spent på å lese den! Lukke til med innspurten!

  • Rotehovudet

    February 7, 2016 at 7:52 pm Reply

    Så fin du er! Masse lukke til den siste tida! Gler meg til å bli gravid sjølv, med alt det positive og mindre positive det medfører.

Post a Comment