Pocket og oppdatering

_MG_7615
Hei! No er det lenge sidan eg har vore her! Mai har vore full av fotooppdrag, eg har konsentrert meg mest om det og om å nyte favorittmånaden min. Tenk at denne våren er så annleis enn den i fjor. Både i kjensle og i kvardagen. Frå å skubbe ein sovande baby rundt i gater og parkar har eg ei stor jente som klatrar og tullar. Frå å være bekymra over å være borte frå babyen i meir enn to timar, til å nyte alle spennande oppdrag som kjem inn. Eg har skrivebordet vendt ut mot ei stor, grønn hengebjørk. Begge balkongdørene opne når det er varmt. Drømmer om å finne eit par perfekte solbriller på second-hand. I sommar skal me fly til Italia, eg gruar meg til å fly (flyskrekk) men ser fram til å vise Elsa skyene frå andre sida. I går var me på ein visning, i hagen fanst ei uvanlig stor rhododendron. Me såg ho springe rundt i graset, peike på planter og plukke løvetann. Me er livredd for å ta feil valg, no når alt er så fint, kvifor endre noko?

I forrige veke fekk eg ei stor kasse med pocketbøker av “Ungdomsskulen”! Eg syns den er kjempefin, er så stolt over å ha fått den på pocket. Håpar den får bli med på mange strender. Ein gong gjekk ein venn av meg forbi nokon som satt på kafé i Lisboa med boka mi. Eg har aldri vært i Lisboa, men det har den.

3 Comments
  • Mariell

    May 29, 2017 at 6:52 pm Reply

    <3 Så fint, gratulerer med pocket!

    PS: min flyskrekk har minska med tusen etter å ha fått Saga, berre fordi ein har andre ting å tenka på medan ein flyr, på flyplassen osv. Håpar det er slik for deg óg!

    PUSS

  • guro

    May 29, 2017 at 11:57 pm Reply

    fint som alltid. takk. <3

  • Susanna

    July 3, 2017 at 11:49 am Reply

    Gratulerer med pocket, og veldig fint cover må jeg si. Skal prøve å få tak på den i sommer!

Post a Comment