Paris-Bergen

_MG_5095
_MG_5071
_MG_4870
Så deilig med nok ei kort veke. Pinsen var rar, det hendte ting i verda eg skulle ønske ikkje hadde hendt. Eg skulle ønske unge jenter iført katteøyrer slapp å danse for andre unge jenter som vart drept på ein lignande konsert. Eg såg nye Twin Peaks (SPOILER ALERT) og lurte på kor mange nakne, drepte kvinner uten eigne historiar som trengs for å lage tv-serie. Om livet imiterar kunsten eller wtf.

Vel, ein ting som gjer veka både kort og fin; i morgon gjestar eg Litteraturhuset i Bergen for å snakke om Paris som litterær kulisse. Det blir spennande, eg veit ganske lite om arrangementet, men trur det blir ein laus og ledig samtale om verdas mest komplekse by. Facebook-arrangement her.

No Comments

Post a Comment