Papirbryllup

_MG_7397_2_MG_7419

I dag er det eitt år sidan bryllupet. Det er ein dag eg og Henrik har snakka masse om. Eg blei overraska over at det var så gøy å gifte seg, eg har vore fotograf i mange bryllup der brudeparet beskriv at det kjennes mest som ein heilt vanlig dag. Men eg minnes det som ein veldig spesiell dag, eg var så stolt og glad for å treffe alle som kom. Både eg og Henrik var litt såre over å ha hatt ein skikkelig kjip spontanabort berre få veker før. Det gjorde at eg droppa nesten all planlegging og fokuserte på å berre ha det bra med meg sjølv. Eg hadde aldri, aldri trudd at me kom til å ha ein 3 mnd gammal baby på vår første bryllupsdag. Det sjokkerte meg litt at eg blei så ekstremt lei meg etter spontanaborten, eg skjønte plutselig at eg hadde veldig lyst til at barn skulle være ein del av livet mitt. Ikkje om eit par år. Men no. At å bli ein familie overskygga alt anna. Bryllupet reparerte masse, det var eit steg i riktig retning. På flyet heim frå bryllupsreisa hadde eg ei merkelig kjensle i kroppen. Ei kvalmande, metallisk kjensle. Lekte med tanken om at eg kunne være gravid, sjølv om det selvfølgelig var heilt urealistisk.

2 thoughts on “Papirbryllup

Leave a Reply

Your email address will not be published.