Ny tid

_MG_9200
_MG_9210_MG_9227
_MG_9220
_MG_9264
_MG_9270_MG_9300
I dag var første skikkelig kalde dag i Oslo. Har hatt ullgenser og strømpebukse, men frøys likevel. Eg tenker på den deilige ferien eg har hatt med desse to. Fire veker saman, med masse av tid til å reise på utfluktar, være heime, fikse småting i leiligheten, bake og bade. Om to veker byrjar Elsa i barnehagen, då startar det egentlig livet! Eg gledar meg så ekstremt til å kunne flytte arbeidstid frå kveld til dag, til å kunne hente ho tidlegare dersom savnet blir for stort, til å henge opp ein ny lampe, plukke sopp og blåbær, gå på arrangement på litteraturhuset, loppemarked, skrive på ein faktisk pc istadenfor iphone på lekeplassen, svømme på morgonen og synge i det nye koret. Oslo er best om hausten, alltid. Eg og Henrik møtte kvarandre om hausten, fredag 2. september for å være nøyaktig. Før det pleide eg ofte å tulle med at Oslo var amors by, men det er ikkje tull.

3 thoughts on “Ny tid

Leave a Reply

Your email address will not be published.