Nikon FM2

Roskilde Festival 2008
Ein kveld var eg og Henrik oppe på loftet og henta dei analoge fotoapparatene mine. Tenk at dei må stå der oppe. Kvart år bestemmer eg meg for å fotografere meir analogt, men det blir liksom aldri. Tempoet passar ikkje lenger. I år hadde eg mange nyttårsfortsett, små ting som å trene blablabla. Og fotografere analogt. Få dagar etter var alt gløymt, plutselig var eg pårørande til nokon med kreft. Eg som hadde full kontroll over 2018. Det blir vanskelig å skrive uten å nevne det, for det fargar alt. Dagane er grusomme, men ein kan jo håpe at dei verste er over. Kanskje fleire av dei som les dette står i det samme. Forstår ikkje korleis andre orkar å sjå sine næraste lide. Antar at dei ikkje orkar det, dei heller. Når eg seier at dagane er grusomme betyr ikkje det at det ikkje er fine ting der. Det var fint å finne fram den gamle Nikon FM2’en. I dag var det fint å sitte heilt stille ved kjøkkenbordet og drikke Biola med Elsa. Fylle opp glassene så mange gongar me ville.

Tags:
1 Comment
  • L

    January 28, 2018 at 9:27 pm Reply

    Fint og trist å lese. Godt det finnes Biola og andre gode ting blant de vonde. Min favoritt er den med morell-smak.

Post a Comment