Likestilling og graviditet

_MG_3290
Ein ting eg har lært av Henrik under denne graviditeten er at det faktisk er mulig å oppnå ei form for likestilling under svangerskap, sjølv om det er min kropp som gjer jobben og ikkje hans. Eg har aldri tenkt over denne muligheten før eg oppdaga at Henrik tydeligvis hadde det. På ein så enkel måte at han gjer meir, eg gjer mindre. Dette gjeld alle våre felles oppgåver, daglegdagse ting som å hugse på avtalar og ta ut av oppvaskmaskinen. Han har servert frukost på senga kvar dag i heile svangerskapet, først for å forhindre morgonkvalme (beste kuren er å ete før ein går ut av senga), så fordi det gjer dagen så mykje bedre etter dårlig nattesøvn. Den vesle kaffikoppen og kjapt smurte brødskjeva betyr så mykje!

Henrik har også hatt hovedansvaret for alt det praktiske i svangerskapet, som å ringe NAV for å stille spørsmål om foreldrepermisjon, og passe på at me har sendt inn alle søknadar. Han har gjort meir husarbeid enn meg, og generelt hatt oversikt over alt me delar. Kvar gong eg har lurt på noko svangerskapsrelatert er det Henrik som har ringt fastlegen eller føden. Sjølv om babyen bur inni meg er den like mykje vårt felles ansvar. Det har vore deilig å kjenne at eg ikkje er åleine, for det kan være litt ensomt å være gravid. Eg syns ikkje argumentet om at “men det er jo berre kvinner som kan føde fram barn” er gyldig når nokon prøvar å unnskylde mangel på likestilling i samfunnet. Det er absolutt ei forklaring, men aldri ei unnskyldning. Menn kan heilt fint dra sin del av lasset, sjølv om det ikkje inkluderar amming og frambæring av barn. Dei er jo i stand til å gjere absolutt alt anna. Det gir den gravide meir energi til å orke meir og jobbe lenger, som heile samfunnet er tjent med. Heile denne felleskjensla har gjort at det kjennes naturlig at Henrik tar ein mykje større del av permisjonen enn det som er minimum, som også er fint i eit større samfunnsperspektiv. Me har på ingen måte eit mål om at me skal ha samme rolle, eg skal være mammaen og han skal være pappaen. Det er like stort ansvar.

4 Comments
  • mariell

    February 11, 2016 at 10:35 am Reply

    JA! Akkurat sånn har me det óg! Føler meg så teken vare på, og trygg for framtida, for graviditeten er absolutt ikkje siste gong i foreldreskapet at likestilling er ei utfordring.

    • Heidi

      February 11, 2016 at 3:42 pm Reply

      Ja! Føler meg heldig som er født inn i denne generasjonen.

  • Lisa

    February 11, 2016 at 7:32 pm Reply

    High five! Jeg tror mange hadde vært tjent med å tenke på den måten, både mødre og fedre. Lykke til med alt som snart skal skje!

  • Renate

    February 12, 2016 at 10:16 am Reply

    åh, dette var fint!! <3

Post a Comment