Lago di Como

_MG_8509
_MG_8528
_MG_8400
_MG_8537
_DSF6652
_MG_8520_MG_8512
_MG_8516
_MG_8415
_MG_8422_MG_8497
_MG_8302
_DSF6932
_DSF6922
_DSF6920
_MG_8568
_MG_8730
_DSF6844_DSF6629
_DSF6508
_DSF6942
_MG_8770_MG_8825
_DSF6788
_DSF6687
Comosjøen minnar litt om vestlandet. Eg kjenner meg straks heime i landskapet. Omringa av fjell, frodig og grønt. Det veks kløver og groblad, samme som heime. Kaldt og morgonen, før sola vell over fjelltoppane. Ei natt var det tordenvær, men det var den natta eg sov best. På morgonen stod me opp med Elsa, kokte graut på eit lite kjøkken og sprang rundt i hagen til den ordentlege frukosten var klar. Det fanst ingen barnestol der, Elsa fekk sitte på ein antikk stol med silketrekk, eg noia for all yoghurten og brødsmulane som havna på den. Overalt i hagen og huset står små stilleben av gamle møblar, syklar og skrot. På formiddagen sov Elsa i vogna medan me leste bok og drakk kaffi. Så snart ho våkna måtte me ha pizza, fort! Trafikken er så vanskelig, ein dag vart Henrik nesten påkjørt i eit fotgjengarfelt. Eg og Elsa stod like bak og vart så skremt at tårene fossa. På ettermiddagen bada me i badekaret på rommet. Verten vår, Nadia passa babycallen eit par kveldar. Då var me på restauranten nede i gata, som var litt fantastisk. Vanligvis ville eg aldri latt nokon eg ikkje kjente veldig godt passe, men det var annleis med Nadia. Men dei fleste kveldane satt me på balkongen til sola gjekk ned, med pizza og bøker. Det fins ein liten sti like ved huset, der ein kan gå opp i fjella. For to år sidan gjekk me den stien og bada nakne i elva. Denne gongen bada me på dei steinete strendene, eg skulle ønske eg hadde badesko til meg sjølv også. På den aller varmaste dagen fekk Elsa ein stor jordbærsorbet, ho åt heile.

2 Comments
  • Marte

    August 11, 2017 at 6:22 pm Reply

    Hvor er den hvite blusen din fra? :)

    • Heidi

      August 11, 2017 at 7:51 pm Reply

      Hvis du meinar den med hekla krage er den dessverre vintage! Og det er ikkje ein bluse, det er ein kjole. Den andre kvite blusen er Zara, men kjøpt på Fretex!

Post a Comment