I didn’t know the city at all, but I was so happy to be in New York I cried. I was so excited.

_MG_8902
Eg var i New York tidlegare i høst, med Mads, Kaja og Henrik. Eg fekk heilt sjokk, byen kjentes så konstant. Uansett kva tid det var på døgnet var det masse folk i gatene, bilar, lydar, duer, alarmar. Eg har gått rundt i fleire år og tenkt på Oslo som ein europeisk storby (haha!), og ikkje skjønt kor stille det er her. Eg kan gå heim om kvelden og være den einaste personen i gata, eg kan stå opp på søndagmorgon, gå ut og være den einaste personen i heile BYEN! Men, her litt av bildene frå turen:

_MG_8844
Den første dagen gjekk me rett i New York-baret, og endte opp sovande i ein taxi alle fire, lenge før midnatt.

_MG_8846-2
_MG_8827
Og me skreik som tullete turistar som me tilfeldigvis gjekk forbi Tom’s Restaurant. -Sjååååå!!!! ropte eg. Haha.

_MG_8959
_MG_8871
Eg tok så masse bilder av Kaja på denne turen, nokre personar drar kameraet mot seg med å berre slappe av foran det.

_MG_8879
_MG_8895
_MG_8917
_MG_8920
Halvard, som bur der, viste oss ein heilt stille hage på baksida av Cathedral of Saint John the Divine.

_MG_8927
_MG_8921
_MG_8929
Mads gjorde litt power-posing.

_MG_8935
_MG_8942
_MG_8949
Eg kjøpte is med olivenolje og havsalt på. Litt rart.

_MG_8950
_MG_8952
_MG_8953
_MG_8981
_MG_9021
Eg gjekk dobbel-denim den eine dagen. Er man i USA, så.

_MG_8986
_MG_9052
Mads overtalte oss til å ete lunsj på Katz. Det var ganske spesielt, akkurat så spesielt som det ser ut. Loff og kjøtt.

_MG_9063
_MG_9061
_MG_9074
_MG_9090
_MG_9211
_MG_9103
_MG_9124
Den siste dagen møtte eg Benedikte, som tilfeldigvis hadde flytta til New York dagen før. Så rart å finne kvarandre på andre sida av havet.

_MG_9134
_MG_9138
_MG_9156
_MG_9183
_MG_9194
Eg likte at det kjentes som om New York er alle sin by, ikkje berre ei smal gruppe menneske, men alle, tilogmed oss. Det var veldig overveldande, eg var heilt utslitt når eg kom heim, berre det å sitte på ein kafé og lese bok var så inntrykksfullt; samtalen på nabobordet, småpraten eg hadde med servitøren, lydar frå gata utenfor. Eg likar åpenheten, at om man vil kan man komme i prat med kven som helst, men samtidig elskar eg roen og rommet eg har rundt meg heime. Den eine dagen prøvde eg å ta det ganske med ro, jogge litt i Central Park, ete lang frukost, lese litt, men endte likevel opp med å rase rundt over heile Manhattan. Det var liksom umulig å ikkje ta del i byen.

5 thoughts on “I didn’t know the city at all, but I was so happy to be in New York I cried. I was so excited.

  1. Så fine bilder! Helt enig i alt du skriver om New York. Har vært der mange mange ganger og blir aldri ferdig med det stedet; føler meg fullstendig hjemme der. Morsomt at dere var oppe ved St. John the Divine; vi leide en leilighet der oppe en sommer. Upper West er mitt favorittområde i byen!

  2. Ja, me budde der oppe, dei me var på besøk oss studerar på Colombia. Deilig med parken like ved, og at alt føltes veldig trygt men samtidig levande.

Leave a Reply

Your email address will not be published.