Hvis ikkje no, når osv.

photo-9

Dei siste åra har eg liksom venta på at nokon skal banke på døra mi og spørre om eg har lyst å begynne å synge igjen. Synging har alltid vore ein av mine finaste hobbyar, ein måte å oppnå ein slags natural high på. Eg får samme følelse av å hente ut ein nyframkalla film på fotobutikken, eller å ta bilder i perfekt lys, men no som det å ta bilder har blitt jobb inkluderar det også eit element av prestasjonspress og økonomi. Når eg var yngre song eg i alltid kor, eller gjekk til sangpedagog, og etter øving var eg euforisk og kunne nesten ikkje vente til neste gong. Men ein gong iløpet av tenårene blei synginga gløymt vekk i alt det som var å være tenåring. Eg begynte med andre ting, begynte å ta bilder, begynte å studere, flytta inn i kollektiv med tynne veggar og alltid nokon heime og eg hadde ingen plassar i livet der det føltes naturlig å synge. Og eg blei flau og sjølvbevisst. Men i høst tenkte eg at no må eg berre teste ut korleis det er å synge igjen. Eg fekk plass i Grønland Kammerkor, som ville ha med meg sjølv om eg har stått på mute i nesten ti år, sjølv om eg ikkje har heilt kontroll på noter og takter. Det var veldig ubehagelig i starten, å ikkje ha peiling på korleis stemma mi egentlig høyrtes ut, men no begynnar eg sakte men sikkert å få meir kontroll. Som eg har savna å ha ein hobby, uten å være klar over det! Når eg er på kor-øving tenker eg på absloutt ingenting. Tre timar i veka der eg forsvinn heilt inn i musikken og stemmene. Og følelsen av rekreasjon i synginga smittar over på kreativiteten i foto og skriving, det har skapt eit fint skille mellom kva som er jobb og kva som er fritid.

Leave a Reply

Your email address will not be published.