Håheim Gård
No er me heime att etter ein lang ferie. Elsa vart forkjøla i samme sekund som me kom inn døra. I skrivande stund vakar eg over henne, passar på at ho pustar og er klar for å trøste om ho våknar. Har alltid grua meg til første gong med sjuk baby, har liksom sett for meg at eg kom til å få totalt sammenbrudd, gi barnet i panikk til Henrik og ta inn på hotell. Til mi forundring er eg ganske rolig så lenge eg får ha henne ved meg. Sjølv om feberblikket hennar kanskje er det tristaste eg nokon gong har sett. Men! Her kjem litt bilder frå ei overnatting me hadde på Håheim Gård forrige veke. Eg og Henrik var der ein gong for tre år sidan. Fin mellomlanding om ein er på biltur på Vestlandet.
Må ta fleire fellesbilder av oss tre. Viktig viktig! Elsa passar på linsedekselet.
Me bestilte sein middag og tenkte me kunne legge Elsa til å sove i vogna først. Men Elsa lo seg gjennom tre rettar til langt over leggetid.
Morgonen etter våkna me til denne friske utsikten.
Og her står eg med den nye ufrivillige luggen min. Mista masse hår tre mnd etter fødsel, og no er det på veg tilbake. Det var eit par veker der som var skikkelig kjipe. Å få vikar var nesten verre enn å føde. Så den vesle luggen tar eg takksamt imot. Frå visse vinklar klarar eg å sjå for meg at eg har samme sveis som Eleven i Stranger Things. Kul sveis, men trur ikkje eg har mot nok til det.
Ine
August 17, 2016 at 2:08 pmSå nydelige bilder! Du stråler skikkelig, og Elsa er så fin. Håper hun blir frisk snart!
Heidi
August 17, 2016 at 3:15 pmTakk! Det håpar eg også!
Glamourbibliotekaren
August 17, 2016 at 4:56 pmNydelige bilder!! God bedring til lille søte Elsa, og viker gleder jeg meg IKKE til å få.. Men man kan jo alltids prøve å starte en trend, hehe. (Mine vil nok dukke opp til vinteren, så jeg kan jo gå med lue hele døgnet!)
Heidi
August 17, 2016 at 6:18 pmVikane blir dekka til av nytt, friskt hår etter berrr eit par veker! Heldigvis! Men det visste ikkje eg då dei dukka opp. Så det er ein svært forbigåande livskrise. Det er definitivt verdt det!
Glamourbibliotekaren
August 17, 2016 at 8:44 pmTakk for info! Godt å høre at det tar kort tid før luggen kommer!
Mariell
August 17, 2016 at 9:12 pmNo fekk eg sånn hjerteklapp! <3
<3 ULLBABY <3
Heidi
August 17, 2016 at 11:36 pmEg veit! Fordelen med tidleg haust! Ullbaby<3
marire
August 17, 2016 at 10:27 pmså fine bilder! god bedring til Elsa <3
Heidi
August 17, 2016 at 11:36 pmEg takkar på hennar vegne!
Blog posts I’ve loved recently – hjartesmil
August 23, 2016 at 1:36 pm[…] Håheim Gard. […]
On my list: Norway – hjartesmil
February 23, 2017 at 7:08 pm[…] gard Etter at Heidi skreiv om det, vil eg óg hit! Ser så herleg ut.Håheim gard Heidi wrote about it, so now I want to […]