Fritt vilt

Kor ille må ting bli før ein valdtektsmann blir dømt? Kven orkar å gå gjennom tre rettsaker på to år for så å oppleve at gjerningsmannen blir frikjent? Kva slags signal sender dette til døtrene våre? Kva slags signal sender dette til sønene våre? At kvinner er fritt vilt. At dette aldri blir bedre. “Men ikkje alle menn voldtar då, tenk på alle menna som blir generalisert!” Dette angår alle kvinner, kvar einaste dag. Eg har aldri på meg høge hælar på byen om eg veit at eg skal gå å åleine heim etterpå. Ein må jo være i stand til å springe. Eg har brukt tusenvis av kroner på taxi for å sleppe å gå åleine heim. Eg har også opplevd å bli verbalt seksuelt trakassert av ein taxisjåfør. Eg går alltid med telefonen kvar i venstre hånd og nøklane i høgre når eg begynnar å nærme meg døra. Ikkje bevisst, eg går på autopilot no. Det har eg gjort i mange år. Kvar dag. Sikkert sidan eg var tretten år. Mannen min tek gjerne ein joggetur i nabolaget etter det blir mørkt, det gjer ikkje eg. Dette er ikkje mine reglar. Dette er reglane eg og venninne mine har lært av samfunnet. Det samfunnet som seier “gå forsiktig heim!”. Pass på deg sjølv, for ingen andre kjem til å gjere det dersom det skulle skje noko. Men herregud, kva hjelp desse forhåndsreglane kvinner tek i det offentlege rom når ein veit at dei fleste valdtekter skjer i ein nær relasjon. Du kan aldri være trygg! Dette er ikkje eit kvinneproblem. Dette er eit stort fuckings jævla mannsproblem. Men åh, tenk på alle menn som blir generalisert. Stakkars dei.

2 thoughts on “Fritt vilt

  1. Stå på, Heidi! Vi må bare si det om og om igjen, også til alle som ikke gidder å høre på. Halvparten av verdens befolkning skal ikke frykte den andre halvparten, ofre skal ikke måtte ta skylden for andres kriminelle handlinger. Det tar mange hender å rive ned en mur av forutinntagelser, systematisk diskriminering og sosial ulikhet, men det må vi klare!

Leave a Reply

Your email address will not be published.