Første ferie

_MG_1367_2
_MG_1385

Hei hei frå ferien! Me har vore på biltur den siste veka. Overnatta på diverse hytter, airbnb og hotell. Første skikkelige familieferie, om eg ikkje reknar med ein togtur til Bergen då Elsa var litt over 2 mnd. I ettertid syns eg sjølv at eg var passe tøff som tok tog åleine til Bergen med henne, for så å ta nattoget tilbake. Nattamma på toget og var heilt kul med det. Rart korleis ein berre hoppar i ting og ser om det funkar i starten. No kjennes nattamming heilt fjernt, ikkje minst å nattamme på tog. Men der og då var eg så innstilt på å besøke ein av mine nærmaste som var på sjukehus. Alt man klarar. Denne gongen har det regna kvar einaste dag, og storma om nettene. Har tatt i bruk ullplaggene som egentlig var til hausten. Innimellom slår det meg at dette berre er ein av mange framtidige familieferiar, og det er så deilig å tenke på. Elsa har fått møte oldemora si, dei har bursdag samme dag, 14. februar. Valentinerjentene.

2 thoughts on “Første ferie

  1. Herreminhatt så innmari fint! Me reiser med S til Italia når ho er 2 månader med heile familien til Jostein, føles som eg har meldt meg på ekstremsportveka. Men det blir jo kult å sei at me gjorde det da ho var så liten, og at me hadde kofferten full av skinke på veg heim.

  2. Alt blir for første gong, tilogmed ting ein har gjort tusen gongar før. Men perioden mellom 6 veker og 3 mnd var ganske enkel. Eg var blitt litt varm i trøya og Elsa ensa ikkje omverden på samme måte som no. Eg kunne sikkert amma ho på ein Rammsteinkonsert. Perfekt tidspunkt for Italia tenker eg!

Leave a Reply

Your email address will not be published.