Ei ideell verd

_MG_6667
_MG_6689
_MG_6731
_MG_6727
Eg deppar litt over valget. Eg er så lei av å høyre at det ikkje har så mykje å sei kven som er statsminister eller om Frp får sitte i regjering i 4 eller 8 år. Fortell det samme til alle mindreårige i Norge som ventar på å få godkjent familiegjenforening. Fortell ein 15-åring at fire år med eller uten foreldre ikkje har noko å sei. I dette valget var det viktigaste for meg ein raus og human innvandringspolitikk. Me har det så bra her i Norge, me må dele det med fleire. Eg vil at dotter mi skal gå i ein kommunal barnehage, der alle kroner går til barna og til å lønne dei fine folka som jobbar der. Kvar dag leverar eg ho til eit lite univers der alle stiller likt. Ei kvinne brukar hijab. Fleire kan andre språk. Barna har foreldre frå alle verdas land. Ho kjem heim med nye ord, nye venner, ho nynnar på songar eg ikkje kan. Ingen er redde kvarandre, regn betyr sølepyttar å plaske i. Kinna hennar luktar søtt frå eplene dei har delt. Ei utopisk glassklokke midt i Oslo, når det stormar utenfor.

Tags:
1 Comment
  • Mathilde Nicoline

    September 13, 2017 at 10:04 pm Reply

    Jeg prøver å trøste meg med at alle de fire potensielle regjeringspartiene gikk ned og de små elskelige partiene gikk opp! Selv om det ikke har noe å si i de fire neste årene…..

Post a Comment