Eget rom

_MG_8020
1. nyttårsdag starta med eit smell! Elsa krabba ut av senga vår, det gjekk heldigvis bra (trur far var den som grein mest). Det fekk fart på ein av våre nyttårsplanar, nemlig å gjere i stand eit barnerom. Me kasta oss rundt, flytta på møblar og sjaua heile formiddagen. No har det gått tre netter og eg saknar å høyre pusten hennar når eg legg meg. Eg veit, det er heilt tullete. Elsa har det fint og skjønte greia ganske fort.

_MG_8027_MG_8057
No gjenstår det å gjere det lunare og henge opp litt bilder. Skal teste med gardiner og eit stort teppe, kaaaanskje male eller tapetsere om det trengs. Og 14. februar får den fine gyngesvanen flytte inn.

11 thoughts on “Eget rom

  1. Nydeleg rom! Kor er lampa i taket frå?
    Vi flytta jenta vår på eige rom då ho var 11 mnd. Sjølvsagt litt trist, men vi alle sov betre vart konklusjonen ganske kjapt!

  2. Den blei kjøpt på Habitat for nokre år sidan, men syns eg ser lignande her og der. Trur eg søkte på “origami lampe” den gong.

  3. og der rauk fornuftens kjøpestopp; eg har allerede trykka den inn i handlekurva, for eg veit ikkje korleis eg skal gløyme ideen om at jenta mi kan ligge i senga og drøyme om å fly avgarde på denne svana kvar kveld. slik narrar eg meg til å tru at dette igrunn var tidenes mest fornufitge investring. (takk for svar!)

  4. Eg har fått svanen!! Nydelig i mente. Men! Den får meg til å føle meg evneveik; korleis i hulaste hang du den opp?? hjernen min forstår ingenging av alle trådane og treklumpane! Fekk du med ei bruksanvisning?

  5. Eg trur det er meininga at alle opphengspunkta skal gjere det mulig å “forme” den som man vil. Eg har berre brukt tre av opphengspunkta, to av dei er festa øverst i vinduskarmen (rundt ein spiker og rundt ei luke over vinduet). Det tredje er festa over taklampa. Tenker at man berre kan klippe av dei opphengspunkta man ikkje brukar. Heng den opp som du vil, og klipp etterpå. Eg vurderar å feste små, små krokar i øverst på veggen for å få den til å henge meir som eg vil.

Leave a Reply

Your email address will not be published.