Dyret

_DSF2486
No har eg berre 1 mnd att til termin. Kjenner meg som eit dyr på jakt etter ei trivelig hule for å føde i fred. Visse dagar har intimsonen min ein diameter på ca. fem kilometer. Orkar liksom ikkje at det er andre folk på bussen. Orkar ikkje at det er folk i gatene. Orkar ikkje at folk går forbi kjøkkenvinduet. Men no har eg knekt gravidkoden: TA DET MED RO! Type “ligg heilt stille og lytt til klassisk musikk heile dagen”. I vekene før jul fekk eg bekkenløysning, og hadde kjempemasse å gjere som ein ofte har før jul. Men eg klarte ikkje å legge to og to saman med at bekkenløysningen kanskje hadde med at eg pressa kroppen for mykje. Tenkte at eg hadde bikka over i å bli skikkelig vondgravid og gjorde meg klar for nesten to mnd. med smerter. Men to dagar inn i juleferien var bekkenløysningen heilt borte. Ingen smerter i det heile tatt. Kunne snu meg i senga uten å måtte grue meg ein halvtime på forhånd. Det viste seg at kroppen berre trengte litt kvile. No er det berre å holde ut, være dyret inne i hula og gjere akkurat det kroppen ber meg om å gjere. Føler eg låner kroppen til ei veldig gravid dame, og at eg berre må la den dama få bestemme før eg kan bli meg sjølv igjen.

5 Comments
  • marire

    January 12, 2016 at 10:30 pm Reply

    du skriver alltid så fint, Heidi, og også om dette. jeg heier på hun der graviddama!

  • Helene

    January 20, 2016 at 12:39 pm Reply

    Enig med hun over her! Liker måten du skriver så godt at jeg vil bare lese og lese.

    Jeg lurer på om du har noen musikktips du vil dele?

    • Heidi

      January 20, 2016 at 6:47 pm Reply

      Takk! Kva med det siste albumet til CocoRosie?

  • Susanne

    February 2, 2016 at 6:24 pm Reply

    Får ikke til å kommentere på det siste innlegget..
    Synes det er så lett å relatere seg til deg gjennom det du skriver. Ønsker deg masse hell og lykke til med fødselen!

    • Heidi

      February 2, 2016 at 9:01 pm Reply

      Takk! No skal det være mulig å kommentere igjen!

Post a Comment