De Urolige

_DSF7307
_DSF7396
_DSF7372
I dag fylte Elsa 1,5 år. Eg kom ikkje på det før langt ut på dagen, no biggie. Men eg tok masse fine bilder av ho i lyngen, med munnen full av blåbær og masse små tenner. Denne veka er den siste me har saman før barnehage og eg fyller den med det ho likar best. I dag var det blåbær. Ho stod i to timar og plukka sjølv, rett i munnen såklart. Alle formødrene mine må ha levd av å plukke, kvar gong eg plukkar knitrar det i belønningsystemet i hjerna. Jaja, det er vel 200 000 år gamle nyheiter.

I helga var me på hyttetur. Eg såg to elgar på nært hold og leste ut Linn Ullmann “De Urolige”. Likte den godt, så fine beskrivelsar om å være fange i sin egen oppvekst, om små ting som å kjøpe dressar til begravelse og spontanabort. Fint om foreldre i all sin menneskelegdom og om å være ein som ser. Storslagent og nært om kvarandre. Glad eg leste den. Hugsar eg var i ein bokhandel for eit par år sidan, der Linn Ullmann signerte akkurat den boka. Egentlig ville eg gå bort, men eg var for flau. Men eg kunne jo berre ha gjort det.

1 Comment
  • Sunniva

    August 20, 2017 at 12:05 am Reply

    Hei Heidi! Jeg så deg og Elsa på Jernbanetorget for noen dager siden og da hadde jeg så lyst til å gå bort og si at jeg likte Ungdomsskulen så utrolig godt! Men jeg ble vel for flau jeg og. Skal komme bort neste gang!

Post a Comment