Fuji x100t og Comosjøen

Hallo! Eg har fått nytt bloggdesign(av Mariell) og ny bloggadresse! Eg har også gifta meg sidan sist! Skal vise bilder seinare. Her kjem masse bilder frå bryllupsreisa ivertfall. Me fekk eit Fujix100t i bryllupspresang, er så takknemlig for det. Dei siste par åra har eg tatt altfor mange bilder med telefonen min, som eg aldri har printa eller brukt til noko. Så synd! På fridtida orkar eg sjelden å ha med speilrefleks, men no trur eg at koden er knekt. Eit lite, superenkelt kamera me begge kan bruke, som tar digge bilder. No blir det album og printing framover, lovar. Og blogging.
_DSF0238
Men, bryllupsreisa! Me var ved Comosjøen, og budde på denne B&B’en. Lov meg at du reiser hit! Fantastisk frukost, sjukt fint rom og balkong med kveldssol. Det einaste minuset er at man definitivt bør leie bil, litt upraktisk når berre ein av oss har lappen. Og litt skummelt med skorpionen som dukka opp på kjøkkenet ein morgon. Ellers er alt uvirkelig vakkert.
_DSF0245
_DSF0250
_DSF0306
_DSF0375
_DSF0397
_DSF0409
_DSF0443
_DSF0449
_DSF0457
_DSF0517
_DSF0549
_DSF0553
_DSF0559
_DSF0567
_DSF0579
_DSF0581
_DSF0718
_DSF0755
_DSF0675
_DSF0920
_DSF0976
_DSF0822
_DSF0602

0

Forfattarportrett

_MG_4428
_MG_4707
_MG_1977
_MG_2061
_MG_2161
_MG_2358
Eg er så heldig at eg får ta forfattarportrett av alle aktuelle Flammeforfattarar to gongar i året. Det kjennes litt som å blinddate masse folk rundt i Oslo, eg har møtt dei på kirkegården, i Botanisk Hage, ved Postgirobygget, heime hos meg og på plassar dei likar å skrive. Her er henholdsvis portrett av Victoria Durnak som er ute med “Torget”, av Atle Håland (som har sleppfest for “Han” på Liebling førstkommande mandag) og av Inger Wold Lund som gav ut “Ingenting skjedde” tildegare i vår. Eg skal lese alle tre.

2

The Northern Belle

_MG_8389
_MG_8444
_MG_8590
_MG_8564
Bilder frå utkast til The Northern Belle sitt nye platecover. Det er så vanskelig å velge blant hundre bilder som er ganske like, men har heilt forskjellig uttrykk. Det blei ivertfall siste bilde tilslutt!

0

Kjerringråkk

image

I kveld skal eg lese frå boka mi og snakke om skriving på Stormen Litteraturhus i Bodø! Er så spent, blir det for to personar eller ti tusen liksom? Eg kjenner ingen i Bodø, så DU må komme. Sjekk ut resten av Kjerringsråkkfestivalen på faceboook.

Håpar me sjåast!

0

Inga

_MG_5301
Inga kom innom studio med ein baby i magen. Heilt sprøtt. Eg likar så godt å få følge folk på denne måten! Neste gong me treffes er det ein til der.

Siden det er fredag skal eg dele denne spelelista her. Har høyrt den i fillebitar og har holdt på med den sidan oktober. Det er ei andektig greie for meg, det med spelelister. Om eg lyttar på ei liste eg lagde for tre år sidan blir eg dratt rett inn i universet eg var i då. Så her har du essensen av mitt oktober-januar.

0

Silke, gull og grønne blad

_MG_0057
_MG_0137
_MG_0175
_MG_0229
_MG_0266
_MG_0288
_MG_0313
_MG_0355
_MG_0385
_MG_0453
_MG_0468
_MG_0561
_MG_0608
_MG_0661
_MG_0685
_MG_0692
_MG_0725
_MG_0754
_MG_0797
Her er ein liten del av kjolane eg fotograferte for Gaggu Vintage. Trur nummer tre og nummer seks er mine favorittar. Og brudekronene i gull og sølvEg gledar meg sånn til å sjå resten! Salongen opnar i slutten av februar, for booking kan du ta kontakt med hedwig@gaggu.no

Blomane er frå PLUKK-blomster, hår og sminke av Iselin Herlik Kristiansen.

4

Gaggu Vintage

_MG_0009
Me hadde det så gøy i studio forrige veke, då eg tok bilder av ein brøkdel av brudekjolane til Hedwig. Hedwig har starta Gaggu Vintage (oppkalt etter oldemor Gaggu), som opnar i Skovveien i Oslo iløpet av vinteren. Det er nesten synd at eg allerede har funne min nyproduserte kjole. Eg hadde kjempelyst å kjøpe ein vintage brudekjole, men turte aldri å kjøpe noko på nett, eg må liksom prøve ting før eg bestemmer meg for å gifte meg i det. Syns det er så fint at det snart fins ein plass i Oslo der man kan få prøvd kjolane først, tenk så mange fleire som tør å gifte seg i gammalt då! Eg blei heilt euforisk då kjolane kom inn i studio, alt frå struttande femtitalls, enkle silkekjolar, vintage Dior, tinghuset på sekstitallet-aktig og hekla blonde frå søttitallet.
_MG_0119
_MG_0002
_MG_0071
_MG_0829

Og eit blurry bilde av gjengen tilslutt! Eg lovar å vise alle kjolane me fotograferte om litt. Miriam frå Pholk var modell, Iselin Herlik Kristiansen gjorde hår og sminke, og PLUKK blomster lagde alle bukettar.

4

Skrivetips

_MG_9107

Ei av mine skrivande venner lurte på om eg hadde litt skrivetips. Og det hadde eg jo! Tenkte eg kunne publisere dei her også i håp om å hjelpe alle dykk som jobbar med tekst. Desse tipsa har eg oppretta sakte men sikkert for meg sjølv, basert på eigne erfaringar og råd frå andre. Eg prøvar virkelig å følge desse reglane, fordi eg syns dei funkar. Innimellom gløymer eg dei litt, og det er sjølvsagt også heilt greit. Mange av dei er ganske enkle og åpenbare, men det er godt å ha dei liggande på dei dagane eg har lyst å gi opp. Her er mine skrivetips:

-Om eg står dønn fast i ei setning eller eit avsnitt hoppar eg heller vidare til ein annan plass i teksten, så slepp eg å bruke for mykje tid på å sture. Det funkar alltid bedre å komme tilbake til ting om eg står fast.

-Når eg går frå kontoret kan eg skrive ei liten setning, eit stikkord, ein detalj eller noko anna eg kunne tenke meg å skrive om dagen etter. Så er det lettare å ta opp tråden!

-Skriv om morgonen. Eg kan berre gløyme å skrive på ettermiddagen. Då er eg sulten og mentalt forsøpla etter å ha vore bak ein skjerm i fleire timar. I verste fall kan eg skrive seint om kvelden, men då må eg ha fullstendig ro.

-Tenk på ting i teksten din som du gler deg til å skrive. Skriv dei.

-Vær litt var med deg sjølv, skriv i eit rom du syns er positivt å oppholde deg i (eg likar kontoret mitt, 37-bussen, Nationalbiblioteket, Stockfleths i Gamlebyen, Asylet like etter opningstid i vekedagane). Få nok mat, lys, ha rutinar, beveg deg, høyr på bra musikk osv. Eit veldig enkelt råd, men vanskeligast å følge, i skrivande stund er eg kjempesulten og har null konsentrasjon).

-Ta litt og litt. Ikkje tenk at “i dag skal eg skrive tusen sider”. Del det meir opp, tenk at “i dag skal eg skrive akkurat det avsnittet og det skal bli skikkelig bra”. Det hjelp meg å holde konsentrasjonen oppe, og at ikkje alt virkar som ein graut av ting du har gjort og ikkje gjort.

-Copy/paste. Eg skriv ofte setningar uten å ha dei i riktig samanheng, så finn eg heller ut av det etterpå. Ofte kan eg la slutten av eit avnsitt heller bli begynnelsen på eit avsnitt, elskar å flytte rundt på setningar.

-Aldri, aldri vent på inspirasjon, berre gjer det du skal gjere. Men å oppsøke inspirasjon er fint, om eg våknar opp med tomme tankar kan det hjelpe å lese litt i andre tekstar eller min egen tekst.

-Ta back-up på kvar minste setning.

-Ha eit roteark i word eller ei fysisk notatbot der du skriv stikkord jevnlig, det er genialt å ta fram når du står fast.

-Til sist, dei beste setningane er vanskelige å planlegge på forhånd, dei kjem når eg er godt inni teksten. Og det er det som er gøy.

4

Sigrid&Sigbjørn

_MG_4048
Eg tok bilder i Sigrid og Sigbjørn sitt bryllup i september. Dei gifta seg utendørs i Harstad, det regna og landskapet rundt oss var rødt, gult og orange. Det var eit veldig rørande bryllup, det var så tydelig at alle som var der hadde hjulpe til med eit eller anna; bake ei kake, brygge øl, la gjester som kom langvegsfrå overnatte hos seg. Etter vielsen sa Sigrid noko av det finaste eg har høyrt ei brud sei, nemlig at ho hadde ei fantastisk lykkelig og rolig kjensle i kroppen. Sånn skal det være å gifte seg! Eit veldig inspirerande bryllup; blir det regn så blir det regn og då får man ha på støvlar under brudekjolen og det gjer ingenting.

_MG_4589
_MG_4652
_MG_4717
_MG_4730
_MG_4744
_MG_4755
_MG_4845
_MG_4877
_MG_5305

4

I didn’t know the city at all, but I was so happy to be in New York I cried. I was so excited.

_MG_8902
Eg var i New York tidlegare i høst, med Mads, Kaja og Henrik. Eg fekk heilt sjokk, byen kjentes så konstant. Uansett kva tid det var på døgnet var det masse folk i gatene, bilar, lydar, duer, alarmar. Eg har gått rundt i fleire år og tenkt på Oslo som ein europeisk storby (haha!), og ikkje skjønt kor stille det er her. Eg kan gå heim om kvelden og være den einaste personen i gata, eg kan stå opp på søndagmorgon, gå ut og være den einaste personen i heile BYEN! Men, her litt av bildene frå turen:

_MG_8844
Den første dagen gjekk me rett i New York-baret, og endte opp sovande i ein taxi alle fire, lenge før midnatt.

_MG_8846-2
_MG_8827
Og me skreik som tullete turistar som me tilfeldigvis gjekk forbi Tom’s Restaurant. -Sjååååå!!!! ropte eg. Haha.

_MG_8959
_MG_8871
Eg tok så masse bilder av Kaja på denne turen, nokre personar drar kameraet mot seg med å berre slappe av foran det.

_MG_8879
_MG_8895
_MG_8917
_MG_8920
Halvard, som bur der, viste oss ein heilt stille hage på baksida av Cathedral of Saint John the Divine.

_MG_8927
_MG_8921
_MG_8929
Mads gjorde litt power-posing.

_MG_8935
_MG_8942
_MG_8949
Eg kjøpte is med olivenolje og havsalt på. Litt rart.

_MG_8950
_MG_8952
_MG_8953
_MG_8981
_MG_9021
Eg gjekk dobbel-denim den eine dagen. Er man i USA, så.

_MG_8986
_MG_9052
Mads overtalte oss til å ete lunsj på Katz. Det var ganske spesielt, akkurat så spesielt som det ser ut. Loff og kjøtt.

_MG_9063
_MG_9061
_MG_9074
_MG_9090
_MG_9211
_MG_9103
_MG_9124
Den siste dagen møtte eg Benedikte, som tilfeldigvis hadde flytta til New York dagen før. Så rart å finne kvarandre på andre sida av havet.

_MG_9134
_MG_9138
_MG_9156
_MG_9183
_MG_9194
Eg likte at det kjentes som om New York er alle sin by, ikkje berre ei smal gruppe menneske, men alle, tilogmed oss. Det var veldig overveldande, eg var heilt utslitt når eg kom heim, berre det å sitte på ein kafé og lese bok var så inntrykksfullt; samtalen på nabobordet, småpraten eg hadde med servitøren, lydar frå gata utenfor. Eg likar åpenheten, at om man vil kan man komme i prat med kven som helst, men samtidig elskar eg roen og rommet eg har rundt meg heime. Den eine dagen prøvde eg å ta det ganske med ro, jogge litt i Central Park, ete lang frukost, lese litt, men endte likevel opp med å rase rundt over heile Manhattan. Det var liksom umulig å ikkje ta del i byen.

5