Veke 27

_DSF1992
Her kjem eit livsteikn! No for tida prøvar eg å skrive mest mulig før babyen kjem. Skrivetips: bli gravid, verdens beste deadline. Ivertfall så lenge eg klarar å holde meg våken. Pleier å våkne kvar natt kl. 04:00 for å ikkje få sove att. Så irriterande og bortkasta tid å ligge våken i mørket. Har heldigvis høyrt frå fleire gravide at dei har samme type psykedeliske netter. Blir derfor veldig søvning på ettermiddagen, så dagen pleier å avslutte seg sjølv med at eg sovnar over pulten på Nasjonalbiblioteket. Prøvar å skrive ein del for hånd for konsentrasjonens skyld, så no føler eg at eg har blitt ein slags original på biblioteket, ho gravide med penn og papir som alltid sovnar i 15-draget. Det var litt om meg og min kropp!

0

Halvveis

_DSF1890
No er eg i veke 20, altså halvvegs. Eg er så takksam for kvar einaste veke eg er frisk og kan jobbe, trene, knytte skoa sjølv osv. Eg var litt nervøs for å være sjølvstendig næringsdrivande og gravid, men jo meir eg har lest om det og snakka med NAV, jo bedre kjennes det. Kvinner må jo også få lov til å drive bedrift, sant. Akkurat no føler eg meg nesten bedre som gravid enn ikkje-gravid, så håpar det er ei greie som varar lengst mulig. No fattar eg at det er ein skikkelig baby inni der, spesielt etter å ha sett den romstere rundt på ultralyden. Den begynnar å sparke kvar morgon medan eg et frukost, og gir små tegn i løpet av dagen. Det er sinnsjukt deilig for ein gravid som har tendensar til å tenke alle mulige katastrofetankar. Eg er meir harmonisk enn nokon sinne, men innimellom har eg fått heilt absurde bekymringsanfall. Helsing ein som har ringt giftinformasjonssentralen midt på natta og hulka i telefonen etter å ha vore i nærheten av eit mygglys. Og som fekk Henrik til å ringe Ullevål for å dobbeltsjekke at alt egentlig var heilt bra på ultralyden. Litt guffent og litt spennande å oppleve at hormonane tar over kroppen totalt, eg har ingen kontroll over kontinentet lenger.

5

Autobahn inn i livet

Fekk eit spørsmål i kommentarfeltet om ekteskap. Svaret mitt blei så langt at eg publiserar det her:

– Jeg er veldig forelska om dagen, men også i et veldig tvilende tankemønster. Er vokst opp med foreldre som aldri giftet seg og skilte lag da jeg var barn, og synes dette med ekteskap er noe litt fremmed. Det hadde vært så spennende å lese dine tanker om dette med kjærlighet, ekteskap og forpliktelse, hvorfor man gifter seg, og hvor ideen om å gifte seg kommer fra? Er det et ønske som kommer innenfra, eller er det formet av forventninger fra de rundt?

Takk for spennande spørsmål! Eg syns også det er fascinerande at så mange velger å gifte seg. Og eg er veldig takknemlig for at ekteskapet ikkje er einaste aksepterte samlivsform lenger, for eg trur mange ikkje føler behovet i det heile tatt. Det er jo eit veldig ambisiøst prosjekt, resten av livet liksom. Eg har aldri visst om eg kom til å gifte meg. Før eg møtte Henrik. Det føles veldig rart å skrive, nesten litt disney-skimrande, men eg tenkte tanken pinlig fort då me møttes. Frå tidlegare veit eg at det kan være bedre å avslutte eit forhold enn å bli værande i det, og er kjempeglad for at alle har den friheten. Men eg har også sett besteforeldrene mine bli gamle ilag. Eg har nok beundra besteforeldrene mine ganske masse for det. Dei gifta seg på femtitallet, då det blei meir vanlig å gifte seg av kjærlighet og ikkje berre av praktiske grunnar. Eg trur også det handlar litt om kva type man er. Både eg og Henrik er nok ganske romantiske av natur, og når to sånne personar blir forelska blir det ganske lett å berre satse. Berre i løpet av det siste året har me kjøpt leilighet, gifta oss og blitt gravide uten å være i nærheten av bremsen. Mange ville nok kanskje venta litt med det eine eller det andre, spart litt pengar osv. Me har virkelig kjørt autobahn inn i livet, sånn blir det når to følelsesstyrte personar får holde på. På toppen av det heile kan eg sjølvsagt smøre på argumentet om at det er viktig å være gift eller skrive sambuarkontrakt dersom ein eig felles leilighet, ikkje minst har felles barn. Men skal innrømme at den delen berre ei praktisk greie som kjem på toppen. Eg kan på ingen måte forsvare fornuften i å kle seg i kvitt kostyme og tømme sparekontoen på ein dag. Det er galskap! Upraktisk! Men me ville gjerne ha eit bryllup som felles minne. Me har kjent oss som ein liten familie ganske lenge, så det var ikkje et så stort steg å ta. Forpliktelsen planta seg i oss veldig lenge før me signerte det papiret.

_MG_4941

5

Erlend Wichne

_MG_8051
_MG_8208_MG_8160

Forfattarportrett av Erleng Wichne som gir ut Hav, sløyd i desse dagar. Tatt på Bygdøy ein av dei siste sommardagane i år.

0

Vigsle og kaffigjester

_MG_6389
Me hadde vigsle klokka 19:00 om kvelden. Heile dagen lada litt opp til det, så for meg blei det eit absolutt høydepunkt. Då kom det masse venner til kaffi også, så eg blei litt ektra overvelda. Ein dommarfullmektig vigsla oss, då me ville gifte oss utendørs og livssynsnøytralt. Dommaren er ein venn av familien til Henrik, så eg veit faktisk ikkje korleis ein organiserer slikt uten å kjenne nokon. Då me stod foran dommaren hadde eg ein skikkelig natural high (dog med eit glas vin i kroppen, men likevel). Klarte virkelig å nyte øyeblikket, og bildene er akkurat som eg hugsar det.

_MG_6366_MG_6401
_MG_6453_MG_6461
_MG_6472_MG_6519_1
_MG_6548_1
_MG_6562
_MG_6534_1_MG_6577_1
_MG_6498
_MG_6603
_MG_6648_1
_MG_6667_MG_6673
_MG_6680
_MG_6688_1
_MG_6751_MG_6758_1
_MG_6763
_MG_6770
_MG_6789_MG_6827
_MG_6819
_MG_6852_MG_7129
_MG_7101_MG_6965
Alle foto: Miriam Brenne Karlsen

1

H+H

_MG_4250_MG_4294
No vil eg vise litt bilder frå mitt bryllup! Alle bildene er tatt av Miriam Brenne Karlsen. Er så fornøgd og takknemlig for alle desse bildene. Me gifta oss 23. mai, som var den finaste vårdagen i år. Heilt sant. På morgonen inviterte me forlovarar på frukost, og så gjorde me oss klare alle saman heime. Eg hadde brudekjole frå H&M Conscious, krølla mitt eige hår og sminka meg sjølv. Har faktisk aldri følt meg så fin som den dagen. Trur ikkje det egentlig hadde så mykje med korleis eg faktisk såg ut, det var berre ein følelse av å være veldig tilfreds. Caroline hadde med ein overraskelse til meg, som var eit diadem eg fekk låne frå Gaggu Vintage. Det var godt å ha ein rolig morgon heime, det fjerna alt av nerver og stress. Og veldig rart å våkne opp, gå på butikken og handle croissantar og kunne sei at i dag skal me gifte oss.
_MG_4219_MG_4503_1
_MG_4342
_MG_4426_MG_4434
_MG_4477_MG_4665

Så kom svigers for å køyre oss til Øverland Gård. Der hadde me både middag, vielse og fest. Det var litt viktig for meg å ha alt på samme plass, litt for å sleppe stress og for å gjere det lettare for gjestene.
_MG_4763
Svigermor hadde laga brudebukett og av liljekonvall, som eg var veldig, veldig glad for.
_MG_4911_MG_4840

Me tok bilder i skogen og i eplehagen til Øverland Gård medan gjestene var i ferd med komme. Har så masse fine bilder frå dette at eg klarar ikkje velge blant dei. Er så glad for at Miriam kunne ta bildene, det var veldig avslappa og ikkje minst gøy. No har me bildene for alltid, og eg hadde aldri klart å hugse følelsen like bra uten desse. Eg er forresten gravid på desse bildene også, sjølv om eg ikkje visste det sjølv ennå. Syns det gjer dei ekstra, ekstra fine.
_MG_5080_MG_5136
_MG_5244_MG_5293
_MG_5308
_MG_5378_MG_5305
_MG_5466
_MG_5616

Så kom gjestene og det blei snart tid for middag. Me starta middagen halv fire og var ferdig til bords rundt halv sju, med god hjelp frå vår dyktige toastmaster. Me hadde lyst å bli ferdig med middagen så tidlig som mulig. Siden eg har vore fotograf i veldig mange bryllup måtte eg vri og vende litt på tradisjonane for å ikkje føle at eg var på jobb. Derfor hadde me vigsle på kvelden og middag på ettermiddagen. Pluss at festen blei litt lenger slik at me kunne få snakka meir med alle gjestene. Kan absolutt anbefale å snu litt på tradisjonar få å få dagen slik som ein vil. Klart det er lov!
_MG_5684
_MG_5580_1_MG_5591
_MG_6291

Me hadde tapas til middag, og partyhatt var dresscode. Og det blei masse, masse grining.
_MG_5815_2
_MG_5870
_MG_5989_MG_5944
_MG_6239
_MG_6275
_MG_6079_MG_6108
_MG_6146_MG_6148
_MG_6248
_MG_5730_MG_5857
_MG_6324
_MG_6277_1
_MG_5739
_MG_5792

No blei det masse bilder her, så eg kan lage eit nytt innlegg seinare med bilder frå vigsla og festen. Om nokon lurar på planlegging og andre bryllupsrelaterte ting er det berre å spørre!

Alle foto: Miriam Brenne Karlsen

17

Februarbaby

_DSF1813_DSF1818
Eg er gravid! Kjennes sprøtt at eg har rukke å både gifte meg og bli gravid på ca. eit kvarter. Har følt meg sjøsjuk i heile sommar, det har vore kjempeskummelt å kombinere med jobb. Alt har sjølvsagt gått heilt fint, men eg har sett for meg ein del skrekkscenario ved å bli bryllupsfotografen som kasta opp under vielsen. R E S P E C T til alle som nokon gong har vore gravide og hatt eit liv samtidig. Heldigvis har eg hatt ein mann som har servert frukost på senga kvar dag, og dei fire siste vekene har kroppen blitt heilt seg sjølv igjen. Unntatt magen då, som plutselig har blitt ein rund ball. Deilig å være over pizzamage-fasen, som har gjort at eg har gått kledd i store kjortlar og kaftanar i heile sommar.

Eg såg Newton-programmet om graviditet og fødsel i går, som er det finaste eg har sett på tv nokon gong. Kanskje det berre er fordi eg er gravid, men syns det oppsummerar fint korleis det føles å være lykkelig, bekymra, redd, glad, kvalm og veldig følsom om kvarandre. Og fint med eit så ærlig program, som ikkje tullar det inn i rosa og blå skyer. Kan sjåast her.

4

Liljekonvall

image
Eg har masse fine bilder å vise frå bryllupet mitt! Begynnar med desse. Har sett på denne gifen hundre tusen gongar. Elskar gif. Likar Sivert i vinduet, dei vonbrotne ansikta og Arvid som fangar buketten som om ingenting.

_MG_7024
_MG_7036_MG_7047
_MG_7063

Gif: Johannes, Foto: Miriam Brenne Karlsen

2

Den egentlige kommunen

_MG_1747_MG_1726 _MG_1927_MG_1902_MG_2043_MG_2067

Forfattarportrett eg tok av Morten Langeland, som gir ut boka “Den egentlige kommunen” i høst. På Flamme, sjølvsagt. Likar best bildet der han held seg sjølv i hånda. Fin ting å gjere når ein blir tatt bilde av og ikkje veit kor man skal gjere av hendene sine.

0

X + A

_MG_8074_MG_9856

Her er eit av sesongens bryllup eg syns var skikkelig fint. Etter eg gifta meg sjølv har eg fått veldig stor respekt for alle som arrangerar bryllup, det er så masse jobb og planlegging man ikkje tenker over på forhånd. Dette brudeparet hadde arrangert så ufattelig fint, og det var rørande å sjå kor mykje familie og venner var involvert med å hjelpe til med alle mulig små ting. Som brudepar er det vanskelig å lene seg tilbake og satse på at det meste ordnar seg på bryllupsdagen, men dette brudeparet såg mest ut til å være opptatt av kvarandre. Kjempefint! Spesielt fint at dei hadde eit eige lite bord under middagen.

_MG_8304_MG_8311
_MG_8379
_MG_8436_MG_8472
_MG_8525_MG_8558
_MG_8567
_MG_8725_MG_8742
_MG_8833_MG_8855
_MG_9141
_MG_9273
_MG_9157_MG_9187
_MG_9211
_MG_9383_MG_9474
_MG_9393
_MG_9425
_MG_9645_MG_9785
_MG_9950
_MG_9148
_MG_9710bw_MG_9714bw
_MG_9756 2

2