Første ferie

_MG_1367_2
_MG_1385

Hei hei frå ferien! Me har vore på biltur den siste veka. Overnatta på diverse hytter, airbnb og hotell. Første skikkelige familieferie, om eg ikkje reknar med ein togtur til Bergen då Elsa var litt over 2 mnd. I ettertid syns eg sjølv at eg var passe tøff som tok tog åleine til Bergen med henne, for så å ta nattoget tilbake. Nattamma på toget og var heilt kul med det. Rart korleis ein berre hoppar i ting og ser om det funkar i starten. No kjennes nattamming heilt fjernt, ikkje minst å nattamme på tog. Men der og då var eg så innstilt på å besøke ein av mine nærmaste som var på sjukehus. Alt man klarar. Denne gongen har det regna kvar einaste dag, og storma om nettene. Har tatt i bruk ullplaggene som egentlig var til hausten. Innimellom slår det meg at dette berre er ein av mange framtidige familieferiar, og det er så deilig å tenke på. Elsa har fått møte oldemora si, dei har bursdag samme dag, 14. februar. Valentinerjentene.

2

Fritt vilt

Kor ille må ting bli før ein valdtektsmann blir dømt? Kven orkar å gå gjennom tre rettsaker på to år for så å oppleve at gjerningsmannen blir frikjent? Kva slags signal sender dette til døtrene våre? Kva slags signal sender dette til sønene våre? At kvinner er fritt vilt. At dette aldri blir bedre. “Men ikkje alle menn voldtar då, tenk på alle menna som blir generalisert!” Dette angår alle kvinner, kvar einaste dag. Eg har aldri på meg høge hælar på byen om eg veit at eg skal gå å åleine heim etterpå. Ein må jo være i stand til å springe. Eg har brukt tusenvis av kroner på taxi for å sleppe å gå åleine heim. Eg har også opplevd å bli verbalt seksuelt trakassert av ein taxisjåfør. Eg går alltid med telefonen kvar i venstre hånd og nøklane i høgre når eg begynnar å nærme meg døra. Ikkje bevisst, eg går på autopilot no. Det har eg gjort i mange år. Kvar dag. Sikkert sidan eg var tretten år. Mannen min tek gjerne ein joggetur i nabolaget etter det blir mørkt, det gjer ikkje eg. Dette er ikkje mine reglar. Dette er reglane eg og venninne mine har lært av samfunnet. Det samfunnet som seier “gå forsiktig heim!”. Pass på deg sjølv, for ingen andre kjem til å gjere det dersom det skulle skje noko. Men herregud, kva hjelp desse forhåndsreglane kvinner tek i det offentlege rom når ein veit at dei fleste valdtekter skjer i ein nær relasjon. Du kan aldri være trygg! Dette er ikkje eit kvinneproblem. Dette er eit stort fuckings jævla mannsproblem. Men åh, tenk på alle menn som blir generalisert. Stakkars dei.

2

Svanen

_MG_1187_MG_1180

Fant denne vintage gyngehesten(?) på finn.no og fekk med ein gong det stresset eg får når eg blir redd andre skal kuppe noko før meg. Heldigvis blei den min, den er kjøpt av ei eldre dame som igjen hadde kjøpt den av ei eldre dame. Altså den er fleire tiår gammal. Syns den er så fin! Stødig vakker. Skal gi den eit lite strøk maling. Planen er at Elsa skal få den til jul, om eg klarar å la den stå i boden fram til det.

4

Å dele permisjon

_MG_0940

Frå midten av august begynnar eg å jobbe fullt. Eg skal ha ein så mjuk overgang som mulig og ha ammefri, men ikkje lenger motta foreldrepengar. Då er Elsa 6 mnd. Det er eit privilegium å få være med barnet sitt kvar dag, og eg vil at Henrik også skal få den opplevelsen. Eg er nok ikkje ein av dei som meinar at permisjonen burde delast 50/50. Den fysiske belastninga ligg kun på kvinna, både svangerskap, fødsel og amming er tungt. Det er fantastisk også, men det ein langvarig okkupasjon av kroppen. Samtidig er det gunstig for heile samfunnet at menn tar ut meir permisjon enn dei tildelte ti vekene. Det likestiller menn og kvinner i arbeidsmarknaden og ein blir meir likestilt i heimen. Feministen i meg vil at Elsa skal vokse opp i ein familie der både mamma og pappa er omsorgspersonar. Den samme feministen vil også kvinner skal få lov til å bære barn uten å at det skal straffe seg i arbeidsmarknaden. Vanskelig, ikkje sant? Det blir uansett ei slags felle. Sjølv om eg ikkje gløymer kor god permisjonsordninga egentlig er. Det er eg takksam for. Me har hatt det så fint kvar einaste dag. Det er det beste som har hendt meg. No er eg klar for å gi ansvaret over til Henrik. Eg elskar å sjå dei to saman. Heldigvis har eg spart opp nokre permisjonsveker til vinteren å sjå fram til. Då ender eg opp med 7 mnd i mammaperm medan Henrik får 5 mnd i pappaperm. Eg får mest, men Henrik får mykje. Eg hadde eit fint svangerskap, og har fått overskuddet tilbake ganske fort. Elsa har vore ein enkel baby, som begynte å sove heile natta frå ganske tidleg. Det har vore viktig for meg at eg har fått bestemme sjølv. Å få kjenne på eigne behov og være så raus eg kan deretter. Eg meinar at kvinna alltid har siste ord i deling av permisjon, det går ikkje an å presse seg tilbake til jobb om kroppen og sinnet ikkje har fått lege, eller om ein ikkje har fått meir ein to timar samanhengande søvn på fleire mnd. Uansett kor lang tid det tar er alle mødre supermenneske. Gro liv, vandre litt i dødens dal under fødselen, produsere næring til det nye livet for så å gå tilbake på kontoret som om ingenting. Det er kraft.

3

Susan

_MG_7257_MG_7226
_MG_7218
_MG_7176

Mi gode venninne Susan, tre dagar etter 30-årsdagen sin. Dette er året nesten alle eg kjenner fyller tretti. Eg har kjent dei fleste i ti år eller meir. Ingen er den samme som då me møttes. Alle har blitt så spennande og ordentlige. Og samtalane våre har blitt så fine. I starten av tjueårene var eg nok litt distansert, kanskje det var tenårene som spøkte. Eg turte aldri å være direkte, ta opp eit kjipt tema eller sei frå om eg var lei meg. Og det passar nok ikkje meg så godt, eg trives egentlig best uten all ironisk distanse. Susan er ivertfall ein av dei som alltid har vore flink til å stille ganske direkte spørsmål, det syns eg er så befriande. Ein riktig bra samtalepartner.

1

Ferie

_DSF4912_DSF4911
Denne veka startar vår ferie. Det betyr også at Henrik går ut i pappapermisjon, noko som er vemodig og kjempefint. Eg vil virkelig at Henrik skal få oppleve det eg er på veg ut av no. Det er så fantastisk å få så mykje tid med barnet sitt. Det er veldig intenst og fyller heile kvardagen, det einaste eg kan samanligne det med er altoppslukande forelskelse. Eg skal halde fram amminga, så det blir ein mjuk overgang for meg. Det er så mykje som er bra no. Ein av mine næraste er akkurat ferdig med behandling av den sjukdommen eg hatar å nevne ved navn. Sjølv om prognosen har vore god har det nok tynga meg meir enn eg har trudd i vår. Denne veka blei ein stor stein løfta frå brystet mitt, eg håpar eg aldri kjenner tyngden av den igjen.
_DSF4870
Fant ut at eg kan lese tegneseriar for Elsa no når ho ennå ikkje forstår noko anna enn fargar og rytme. Ho likar bildene, eg likar teksten. Bra life-hack.

1

Fem år

IMG_0143
IMG_0202
IMG_0464a
IMG_0469
IMG_0385
IMG_0386
IMG_0379
IMG_0364
IMG_0448
IMG_0510
Kvar gong eg kjem over desse bildene er min første reaksjon at eg burde slette dei. At heile historien vil forsvinne, som når ein slettar eit bilde som ikkje blei så bra. Borte.

Eg minnes ting som var fine også. At det var masse folk i gatene dagen etter. At me tilogmed lo på bussen. At eg snakka i telefonen med nesten alle eg var glad i. At me bada på stranda ved Henie Onstad. Det fins eit bilde av det. I bakgrunnen er flagget på halv stang, me har vatn opp til skuldrene og står heilt stille. Eg minnes at me var i eit slags kapell. Det var lyst og åpent, heilt til me talte stolane i rommet. Det var nesten 80 stolar. Og kvalmen kom tilbake, den kvalmen som dukkar opp med jevne mellomrom. Eg sjekkar nyhetene før eg sovnar. Det har hendt noko. Våknar ennå ein gong til tallet av menneske som kan fylle store salar.

0

Sisters blues

_DSF4444_DSF4449_DSF4450
Likar at det er så lett å finne vintage kimonos no. Blei kjempeglad då eg fant denne blå, det er jo min farge. Er så lei av å heile tida måtte ta hensyn til amming i kva eg har på meg, det får meg til å gløyme kva eg egentlig syns er fint når første prio er at det må være lett å kneppe opp eller dra ned. Ein fin lang kimono kjennes som eit kompromiss eg kan leve med.

6

Nesten Paris

_DSF4314
_DSF4353
_DSF4406
_DSF4411

Eg har budd på balkongen den siste veka. Det er endelig litt møblar der, manglar berre planter. Det aller beste er å sitte ute om kvelden å høyre på podcast, med sovande baby like innafor vinduet. Akkurat no har eg nettop oppdaga “En varg söker sin pod” med fantastiske Liv Strömquist. Eg likar veldig godt den lette og humoristiske måten dei snakkar om politikk og feminisme på. Tips tips!

0