Svanen

_MG_1187_MG_1180

Fant denne vintage gyngehesten(?) på finn.no og fekk med ein gong det stresset eg får når eg blir redd andre skal kuppe noko før meg. Heldigvis blei den min, den er kjøpt av ei eldre dame som igjen hadde kjøpt den av ei eldre dame. Altså den er fleire tiår gammal. Syns den er så fin! Stødig vakker. Skal gi den eit lite strøk maling. Planen er at Elsa skal få den til jul, om eg klarar å la den stå i boden fram til det.

4

Å dele permisjon

_MG_0940

Frå midten av august begynnar eg å jobbe fullt. Eg skal ha ein så mjuk overgang som mulig og ha ammefri, men ikkje lenger motta foreldrepengar. Då er Elsa 6 mnd. Det er eit privilegium å få være med barnet sitt kvar dag, og eg vil at Henrik også skal få den opplevelsen. Eg er nok ikkje ein av dei som meinar at permisjonen burde delast 50/50. Den fysiske belastninga ligg kun på kvinna, både svangerskap, fødsel og amming er tungt. Det er fantastisk også, men det ein langvarig okkupasjon av kroppen. Samtidig er det gunstig for heile samfunnet at menn tar ut meir permisjon enn dei tildelte ti vekene. Det likestiller menn og kvinner i arbeidsmarknaden og ein blir meir likestilt i heimen. Feministen i meg vil at Elsa skal vokse opp i ein familie der både mamma og pappa er omsorgspersonar. Den samme feministen vil også kvinner skal få lov til å bære barn uten å at det skal straffe seg i arbeidsmarknaden. Vanskelig, ikkje sant? Det blir uansett ei slags felle. Sjølv om eg ikkje gløymer kor god permisjonsordninga egentlig er. Det er eg takksam for. Me har hatt det så fint kvar einaste dag. Det er det beste som har hendt meg. No er eg klar for å gi ansvaret over til Henrik. Eg elskar å sjå dei to saman. Heldigvis har eg spart opp nokre permisjonsveker til vinteren å sjå fram til. Då ender eg opp med 7 mnd i mammaperm medan Henrik får 5 mnd i pappaperm. Eg får mest, men Henrik får mykje. Eg hadde eit fint svangerskap, og har fått overskuddet tilbake ganske fort. Elsa har vore ein enkel baby, som begynte å sove heile natta frå ganske tidleg. Det har vore viktig for meg at eg har fått bestemme sjølv. Å få kjenne på eigne behov og være så raus eg kan deretter. Eg meinar at kvinna alltid har siste ord i deling av permisjon, det går ikkje an å presse seg tilbake til jobb om kroppen og sinnet ikkje har fått lege, eller om ein ikkje har fått meir ein to timar samanhengande søvn på fleire mnd. Uansett kor lang tid det tar er alle mødre supermenneske. Gro liv, vandre litt i dødens dal under fødselen, produsere næring til det nye livet for så å gå tilbake på kontoret som om ingenting. Det er kraft.

3

Susan

_MG_7257_MG_7226
_MG_7218
_MG_7176

Mi gode venninne Susan, tre dagar etter 30-årsdagen sin. Dette er året nesten alle eg kjenner fyller tretti. Eg har kjent dei fleste i ti år eller meir. Ingen er den samme som då me møttes. Alle har blitt så spennande og ordentlige. Og samtalane våre har blitt så fine. I starten av tjueårene var eg nok litt distansert, kanskje det var tenårene som spøkte. Eg turte aldri å være direkte, ta opp eit kjipt tema eller sei frå om eg var lei meg. Og det passar nok ikkje meg så godt, eg trives egentlig best uten all ironisk distanse. Susan er ivertfall ein av dei som alltid har vore flink til å stille ganske direkte spørsmål, det syns eg er så befriande. Ein riktig bra samtalepartner.

1

Ferie

_DSF4912_DSF4911
Denne veka startar vår ferie. Det betyr også at Henrik går ut i pappapermisjon, noko som er vemodig og kjempefint. Eg vil virkelig at Henrik skal få oppleve det eg er på veg ut av no. Det er så fantastisk å få så mykje tid med barnet sitt. Det er veldig intenst og fyller heile kvardagen, det einaste eg kan samanligne det med er altoppslukande forelskelse. Eg skal halde fram amminga, så det blir ein mjuk overgang for meg. Det er så mykje som er bra no. Ein av mine næraste er akkurat ferdig med behandling av den sjukdommen eg hatar å nevne ved navn. Sjølv om prognosen har vore god har det nok tynga meg meir enn eg har trudd i vår. Denne veka blei ein stor stein løfta frå brystet mitt, eg håpar eg aldri kjenner tyngden av den igjen.
_DSF4870
Fant ut at eg kan lese tegneseriar for Elsa no når ho ennå ikkje forstår noko anna enn fargar og rytme. Ho likar bildene, eg likar teksten. Bra life-hack.

1

Fem år

IMG_0143
IMG_0202
IMG_0464a
IMG_0469
IMG_0385
IMG_0386
IMG_0379
IMG_0364
IMG_0448
IMG_0510
Kvar gong eg kjem over desse bildene er min første reaksjon at eg burde slette dei. At heile historien vil forsvinne, som når ein slettar eit bilde som ikkje blei så bra. Borte.

Eg minnes ting som var fine også. At det var masse folk i gatene dagen etter. At me tilogmed lo på bussen. At eg snakka i telefonen med nesten alle eg var glad i. At me bada på stranda ved Henie Onstad. Det fins eit bilde av det. I bakgrunnen er flagget på halv stang, me har vatn opp til skuldrene og står heilt stille. Eg minnes at me var i eit slags kapell. Det var lyst og åpent, heilt til me talte stolane i rommet. Det var nesten 80 stolar. Og kvalmen kom tilbake, den kvalmen som dukkar opp med jevne mellomrom. Eg sjekkar nyhetene før eg sovnar. Det har hendt noko. Våknar ennå ein gong til tallet av menneske som kan fylle store salar.

0

Sisters blues

_DSF4444_DSF4449_DSF4450
Likar at det er så lett å finne vintage kimonos no. Blei kjempeglad då eg fant denne blå, det er jo min farge. Er så lei av å heile tida måtte ta hensyn til amming i kva eg har på meg, det får meg til å gløyme kva eg egentlig syns er fint når første prio er at det må være lett å kneppe opp eller dra ned. Ein fin lang kimono kjennes som eit kompromiss eg kan leve med.

6

Nesten Paris

_DSF4314
_DSF4353
_DSF4406
_DSF4411

Eg har budd på balkongen den siste veka. Det er endelig litt møblar der, manglar berre planter. Det aller beste er å sitte ute om kvelden å høyre på podcast, med sovande baby like innafor vinduet. Akkurat no har eg nettop oppdaga “En varg söker sin pod” med fantastiske Liv Strömquist. Eg likar veldig godt den lette og humoristiske måten dei snakkar om politikk og feminisme på. Tips tips!

0

Skomakarens barn

_MG_5695
_MG_5705
Når eg ser på foto frå det siste året angrar eg litt på at eg ikkje tok fleire bilder. Sjølv om eg fotograferte magen kvar veke under graviditeten vil eg berre sjå meir! Det samme gjeld Elsa, eg angrar på at eg ikkje filma henne då ho var nyfødt. No har eg begynt å gløyme kor liten kroppen hennar var og kva slags lydar ho laga. Eg har heldigvis litt bilder frå fødselen, hvis ikkje hadde eg sikkert ikkje hugsa så masse som eg gjer. Eg kan nesten ikkje hugse noko frå starten av fødselen, nettop fordi me ikkje rakk å ta bilder då. Kan ikkje hugse at eg kom inn i føderommet, kan ikkje hugse at eg fekk på meg sjukehusskjorta. Berre veit at det må ha hendt. Eg blir livredd for å gløyme.

No har eg børsta støvet av jobbkameraet mitt også. Har tatt på meg litt fotooppdrag, og det er godt å vite at det fungerar å være borte eit par timar her og der. I starten tenkte eg at det kom til å bli umulig, no er det berre å tute og kjøre. Deilig.

5

Papirbryllup

_MG_7397_2_MG_7419

I dag er det eitt år sidan bryllupet. Det er ein dag eg og Henrik har snakka masse om. Eg blei overraska over at det var så gøy å gifte seg, eg har vore fotograf i mange bryllup der brudeparet beskriv at det kjennes mest som ein heilt vanlig dag. Men eg minnes det som ein veldig spesiell dag, eg var så stolt og glad for å treffe alle som kom. Både eg og Henrik var litt såre over å ha hatt ein skikkelig kjip spontanabort berre få veker før. Det gjorde at eg droppa nesten all planlegging og fokuserte på å berre ha det bra med meg sjølv. Eg hadde aldri, aldri trudd at me kom til å ha ein 3 mnd gammal baby på vår første bryllupsdag. Det sjokkerte meg litt at eg blei så ekstremt lei meg etter spontanaborten, eg skjønte plutselig at eg hadde veldig lyst til at barn skulle være ein del av livet mitt. Ikkje om eit par år. Men no. At å bli ein familie overskygga alt anna. Bryllupet reparerte masse, det var eit steg i riktig retning. På flyet heim frå bryllupsreisa hadde eg ei merkelig kjensle i kroppen. Ei kvalmande, metallisk kjensle. Lekte med tanken om at eg kunne være gravid, sjølv om det selvfølgelig var heilt urealistisk.

2