Julia&Pontus

_MG_5336
Dette bryllupet var eg faktisk litt nervøs for, då eg aldri hadde møtt brudeparet før. Dei bur i Sverige, så sjølv om me hadde sendt ein del mail visste eg ganske lite. Men dette blei virkelig dagen alt stemte. Eg blei så glad då eg ankom frisørsalongen der Julia gjorde seg klar, eg skjønte med ein gong at dette var to gode menneske. (Eg hadde også sett ein falk på nært hold ti minuttar før, så eg var ganske gira.) Heile dagen var prega av at me hadde godt med tid og eg gjorde egentlig ikkje noko anna enn å følge dei. Lyset var perfekt mjukt og me tøffa rundt i skjærgården på jakt etter fine plassar å ta bilder. Brudeparet vart vigsla på ei tilfeldig brygge, full av garnrestar, plankar, søppel og verktøy. Gjestene stod i ein båt like ved. Det heile var ganske improvisert, og det var veldig befriande å være med på. Likevel var alle dei viktige tinga planlagt så fint, og brudeparet var så varme og kjærlige mot kvarande.
_MG_3994
_MG_4021_MG_4027
_MG_4039
_MG_4278
_MG_4439_MG_4497
_MG_4521
_MG_4697_MG_4733
_MG_4757
_MG_4849_MG_4887
_MG_4912_MG_4940
_MG_4927
_MG_5055_MG_5054
_MG_5101
_MG_5136_MG_5207
_MG_5291
_MG_5227_MG_5245
_MG_5330
_MG_5381
_MG_5383
_MG_5409
_MG_5496
_MG_5529_MG_5584
_MG_5563
_MG_5604_MG_5611
_MG_5630
_MG_5720
_MG_5774
_MG_5778
_MG_5949_MG_5993
_MG_6280
_MG_6193
_MG_6230bw_MG_6597
Det begynte å regne like før selskapet satte seg til bords, då pakka eg sekken og reiste heim att til Oslo. Eg tok berre bilder halve dagen, og me rakk liksom over alt likevel. Som bruden sa sjølv: –Man ser ju successivt fulare ut medan kvällen blir sen.

0

Ville

_MG_3257
_MG_3222
_MG_3174
No har det snart gått fire veker med den nye kvardagen. Henrik i perm, eg i jobb. På morgonen er det alltid fint å gå ut døra, sette på ein podcast og ha begge hender fri. På ettermiddagen tek eg til å savne Elsa litt, og må nesten springe dei siste 100 meterane til døra. Ein kveld kom eg heim ein halvtime før leggetid, hadde litt stress i kroppen og las boka hennar på senga med ei dårlig kjensle av å ikkje være heilt til stades. Men for det meste nyt eg å sjå Elsa og Henrik få ein nærare relasjon. Innimellom kan eg faktisk bli litt sjalu. Sjølv om eg trur ho framleis er ganske vill etter meg også.

1

Gravidfotografering

_MG_3619
Tok bilder av denne duggfriske mammaen. Tenk å være så blid og fin på slutten av eit svangerskap. På samme tidspunkt var eg konstant bekymra for babyen og ville helst være åleine. Hadde vanskelig for å sove og var så skjør for kommentarar om fødsel og kropp. Om eg får oppleve fleire svangerskap skal eg være føre var og fylle dei siste vekene med ting som å ta bilder av magen.
_MG_3260_MG_3219
_MG_2948
_MG_3087_MG_3518

Og fire dagar etter dette kom den vesle. Eg er så heldig at eg får fotografere han også. Så rart og spennande og få være med på så nære ting.

0

Farvel, august

_MG_7787
_MG_7818
_MG_7830

Forrige veke tok me middagen med ut i parken. Det virkar allerede fjernt. No byrjar me på Elsas første haust. Planen for den er å ta henne med på mange blåbærturar og prøve å få mest mulig tid saman alle tre. For min eigen del skal eg begynne å synge i koret mitt igjen og finne tid til å skrive. Eg skal også bli meir kresen på lys når eg fotograferar. Beskjedne, storslagne planar.

0

Vintageskattar og blåklokker

Eg har fått med meg litt bryllup på slutten av sesongen i år. Det har vore så gøy, eg gledar meg masse til å vise litt bilder. Dette bryllupet var superromantisk og vakkert. Brudeparet var så snille som lot meg få ha Elsa i kulissane for litt amming. Eg er jo litt ekstra svak for bryllup med eit snev av old-hollywood og rufsete blomsterbukettar, så blei kjempeglad då bruden kom inn i den vesle kyrkja, då eg som regel ikkje har sett kjolen før bryllupsdagen. Men la oss sjå på bildene:
_MG_8274
_MG_8270
_MG_8501
_MG_8859_MG_9228
_MG_9145_MG_9133
_MG_9124
_MG_9291
_MG_9248_MG_9344
_MG_9431
_MG_9455_MG_9506
_MG_9611
_MG_9685_MG_9678
_MG_0645
_MG_0178

Dette er den sjette sommaren eg fotograferar bryllup! Det har blitt veldig mange etterkvart, og no drømmer eg mest om å få være gjest i eit. Always photographer, never the guest. Er ikkje det eit uttrykk?

Ja, er forresten sjukt irritert på den Flickr-informasjonen som kjem på bilda om dagen. Flickr var jo så bra, kva skjedde?

0

Nils

_MG_6618_MG_6785
_MG_6532
Bilder eg tok av min redaktør til hans nye bok “Er hun din?”.

 

At Nils blei min redaktør er ein stor tilfeldighet. Det begynte med at Linda Klakken (som eg ikkje kjente då) leste min blogg. Ho tipsa Nils om denne bloggen, som igjen tok kontakt med meg for å høyre om eg nokon sinne hadde tenkt på å skrive noko lengre. Det hadde eg jo, men eg hadde liksom aldri hatt sjølvtillit nok til å leve ut tanken. Etter det begynte eg så smått på Parissyndromet. Eg brukte to år på å skrive den, og det var veldig gøy når den begynte å ta form. Eg hugsar eg ba Nils om å være ekstra streng med mitt manusskript, men han ropte berre heia heia og ba meg alltid om å skrive meir. Det hadde nok ikkje gått om eg ikkje hadde hatt den heiinga i bakgrunnen, eg hadde nok feiga ut eller blitt for sjølvkritisk. Det var i den perioden av tjueåra då folk rundt meg begynte å få fast jobb og bedre økonomi. Det stressa meg litt, for eg følte meg ofte som ein idiot når folk spurte kva eg dreiv med. Det er vanskelig å svare at man held på med ei bok uten å høyres ut som Hannah i Girls. Eg kjente meg som ein fuck-up i dei periodane eg hadde lite pengar og mangla trua på prosjektet. Det tar sjukt mykje tid å skrive. Eg elska å skrive den boka, men det var veldig skummelt å investere så mykje tid i noko. Men Nils var alltid sikker på at det kom til å gå bra. Noko eg i ettertid har tenkt var veldig modig av han. Han gav liksom mikrofonen til den som stod bakerst i lokalet, som ikkje eingong hadde bedt om den. Verdas litteraturhistorie har eit stort svart hol i seg, det manglar unge kvinner der. Eg berømmer Flamme Forlag for å ta inn unge kvinner uten å gjere det til ein uttalt kvinnegreie, og for å leite etter dei folka som gøymer seg under steinar. Finne dei som er skrivande, men som kanskje ikkje tør å skrive for andre enn seg sjølv. Det er dristig! No er det tre år sidan Parissyndromet kom ut og den hatt fleire opplag i trykken. Og sidan har det jo blitt ennå ei bok. Eg blir så stolt når eg tenker på det! Og takksam for at Nils ville lese det eg skreiv.

1

Fetterkos og fotballtårer

_MG_1238

Heldige Elsa som har fått så mykje kos frå fetterane sine dei siste vekene. Dei vil heile tida holde, klemme, stryke og susse. Søtt. Når Elsa griner seier fetter 3 år “eg trur ho vil til store-fetteren sin”.
_MG_1216_MG_2168
_MG_2191
_MG_2206 Her står Henrik med tårer i augene då fetter 6 år skulle spele sin første fotballcup. Ein får gjenoppleve så mange ting frå eigen barndom via barn. Som ein sånn fotballcup. Alt som skal komme av treningar, cupar med diskotek etterpå, det sosiale spelet og mestringskjensler/mangel på mestringskjensler. Eg blir heilt rar når eg tenker på at om få år har Elsa eit eget lite liv, med venner, matboks og ting ho vil fortelle meg når eg hentar henne i barnehagen.

2

Håheim Gård

_MG_1803
No er me heime att etter ein lang ferie. Elsa vart forkjøla i samme sekund som me kom inn døra. I skrivande stund vakar eg over henne, passar på at ho pustar og er klar for å trøste om ho våknar. Har alltid grua meg til første gong med sjuk baby, har liksom sett for meg at eg kom til å få totalt sammenbrudd, gi barnet i panikk til Henrik og ta inn på hotell. Til mi forundring er eg ganske rolig så lenge eg får ha henne ved meg. Sjølv om feberblikket hennar kanskje er det tristaste eg nokon gong har sett. Men! Her kjem litt bilder frå ei overnatting me hadde på Håheim Gård forrige veke. Eg og Henrik var der ein gong for tre år sidan. Fin mellomlanding om ein er på biltur på Vestlandet.
_MG_1461
Må ta fleire fellesbilder av oss tre. Viktig viktig! Elsa passar på linsedekselet.


_MG_1512_MG_1521
_MG_1598
_MG_1654
Me bestilte sein middag og tenkte me kunne legge Elsa til å sove i vogna først. Men Elsa lo seg gjennom tre rettar til langt over leggetid.


_MG_1713
Morgonen etter våkna me til denne friske utsikten.


_MG_1786
_MG_1767
_MG_1916
_MG_1879
_MG_1909
_MG_1913
Og her står eg med den nye ufrivillige luggen min. Mista masse hår tre mnd etter fødsel, og no er det på veg tilbake. Det var eit par veker der som var skikkelig kjipe. Å få vikar var nesten verre enn å føde. Så den vesle luggen tar eg takksamt imot. Frå visse vinklar klarar eg å sjå for meg at eg har samme sveis som Eleven i Stranger Things. Kul sveis, men trur ikkje eg har mot nok til det.

11

Første ferie

_MG_1367_2
_MG_1385

Hei hei frå ferien! Me har vore på biltur den siste veka. Overnatta på diverse hytter, airbnb og hotell. Første skikkelige familieferie, om eg ikkje reknar med ein togtur til Bergen då Elsa var litt over 2 mnd. I ettertid syns eg sjølv at eg var passe tøff som tok tog åleine til Bergen med henne, for så å ta nattoget tilbake. Nattamma på toget og var heilt kul med det. Rart korleis ein berre hoppar i ting og ser om det funkar i starten. No kjennes nattamming heilt fjernt, ikkje minst å nattamme på tog. Men der og då var eg så innstilt på å besøke ein av mine nærmaste som var på sjukehus. Alt man klarar. Denne gongen har det regna kvar einaste dag, og storma om nettene. Har tatt i bruk ullplaggene som egentlig var til hausten. Innimellom slår det meg at dette berre er ein av mange framtidige familieferiar, og det er så deilig å tenke på. Elsa har fått møte oldemora si, dei har bursdag samme dag, 14. februar. Valentinerjentene.

2

Fritt vilt

Kor ille må ting bli før ein valdtektsmann blir dømt? Kven orkar å gå gjennom tre rettsaker på to år for så å oppleve at gjerningsmannen blir frikjent? Kva slags signal sender dette til døtrene våre? Kva slags signal sender dette til sønene våre? At kvinner er fritt vilt. At dette aldri blir bedre. “Men ikkje alle menn voldtar då, tenk på alle menna som blir generalisert!” Dette angår alle kvinner, kvar einaste dag. Eg har aldri på meg høge hælar på byen om eg veit at eg skal gå å åleine heim etterpå. Ein må jo være i stand til å springe. Eg har brukt tusenvis av kroner på taxi for å sleppe å gå åleine heim. Eg har også opplevd å bli verbalt seksuelt trakassert av ein taxisjåfør. Eg går alltid med telefonen kvar i venstre hånd og nøklane i høgre når eg begynnar å nærme meg døra. Ikkje bevisst, eg går på autopilot no. Det har eg gjort i mange år. Kvar dag. Sikkert sidan eg var tretten år. Mannen min tek gjerne ein joggetur i nabolaget etter det blir mørkt, det gjer ikkje eg. Dette er ikkje mine reglar. Dette er reglane eg og venninne mine har lært av samfunnet. Det samfunnet som seier “gå forsiktig heim!”. Pass på deg sjølv, for ingen andre kjem til å gjere det dersom det skulle skje noko. Men herregud, kva hjelp desse forhåndsreglane kvinner tek i det offentlege rom når ein veit at dei fleste valdtekter skjer i ein nær relasjon. Du kan aldri være trygg! Dette er ikkje eit kvinneproblem. Dette er eit stort fuckings jævla mannsproblem. Men åh, tenk på alle menn som blir generalisert. Stakkars dei.

2