Eget rom

_MG_8020
1. nyttårsdag starta med eit smell! Elsa krabba ut av senga vår, det gjekk heldigvis bra (trur far var den som grein mest). Det fekk fart på ein av våre nyttårsplanar, nemlig å gjere i stand eit barnerom. Me kasta oss rundt, flytta på møblar og sjaua heile formiddagen. No har det gått tre netter og eg saknar å høyre pusten hennar når eg legg meg. Eg veit, det er heilt tullete. Elsa har det fint og skjønte greia ganske fort.

_MG_8027_MG_8057
No gjenstår det å gjere det lunare og henge opp litt bilder. Skal teste med gardiner og eit stort teppe, kaaaanskje male eller tapetsere om det trengs. Og 14. februar får den fine gyngesvanen flytte inn.

11

Julaftan

_MG_7673_MG_7697
_MG_7763
_MG_7768
Jula er over. Eg har kneppa opp knappen i buksa og oppretta ein ny sparekonto i kveld. Nye tider! Her er eit par bilder frå jula vår, då me var heime på morgonen og halvkikka på “Tre nøtter til Askepott” før me reiste vidare til den skikkelige feiringa. Neste år skal eg ha spir i toppen av treet. Det får være eit nyttårsfortsett.

4

Romjul i byen

_MG_7627
_MG_7633
_MG_7630
Hei og god jul! Me har feira med min familie i år, første jula med Elsa. Fint å sjå kor mykje glede eit lite barn kan spre. Eg fekk så fine, ordentlige presangar i år. Ein linduk, skinnlommebok, handdukar. Og ein kjempefin presang frå Henrik. Trur eg aldri har lagt meg så lykkelig på julafta før. Eg er så takksam for at alle er friske og for at Elsa er her. 2016 var eit skummelt år som endte i eit kjempestort pluss. Måtte det bli sånn for alle, det fins fortsatt tid.

1

Jul og emosjonelt arbeid

_MG_7616
Eg har uttalar meg om likestilling og jul i dagens D2. Syns det blei ein fin sak. Då journalisten først kontakta meg var eg redd det skulle være ein sak om kvinner som hysteriske julemonster. For eg syns kvinner skal belønnast for at dei fører tradisjonar vidare og tar emosjonelt ansvar. Eg blir sint når ein latterleggjer tradisjonelle kvinneoppgåver, og eg må innrømme at eg blir litt irritert av ein uttalelse i saka om at “for å være en god mor må du lage en god jul.” Kva med far? Og er heilt enig i siste ord “vi lager jo ikke jul med tissen.” Kan lesast her.

1

Redd barna

_MG_5109
_MG_5096
I dag våkna eg av dette tøysefjeset som smilte og sa mamma. Ho har sagt det før, men ikkje på samme måte. Kanskje den finaste måten eg har våkna på nokonsinne. Ho fyller ti mnd i dag, i går reiste ho seg opp heilt sjølv for første gong. No har eg delvis mammaperm ut januar, det passar fint i denne mørketida. Må innrømme at første dagen i perm var eit lite slag i fjeset. Eg stod misunnelig i kjøkkenvinduet og såg Henrik tusle avgårde til jobb. Var blitt ganske komfortabel med å være den som drar ut døra om morgonen. Er det lov å sei? Eg sa det ivertfall. Men no, etter ei veke med Elsa hugsar eg kor fint det er å være med ho på dagane. Og kor heldig eg er som får betalt for å være med mitt eige barn. Eg skammar meg over desse priviligerte “problema” mine når eg ser kva som skjer i verda. Må ikkje tenke at eg er makteslaus, eg må tenke at eg er ein av dei som har mulighet til å hjelpe. Her fins er artikkel med heilt konkrete tips til kva ein kan gjere for å hjelpe dei som bur i Aleppo. Eg har støtta Redd Barna.

1

Nr. 2

_MG_0459_MG_0444
_MG_0399_MG_0387
Fantastiske Lena kom til studio ein dag for å dokumentere gravidmage nummer 2. Me tok bilder av magen hennar for to år sidan også, då vesle Laura låg i den. For eit par veker sidan var me ein gjeng ute og åt lunsj, både Laura og Elsa var med. Til neste år dukkar det opp ennå fleire små til å sitte rundt bordet. Det er så spennande, me må ha eit helsikkes langbord tilslutt.

0

Advent

_MG_5009
_MG_5054_MG_5072
_MG_5059_MG_5063
I helga tok eg fram litt julelys og juggel. Eg er litt redd for julepynt, spesielt nissar. Kven vil ha masse små gubbar i huset sitt i vekesvis? Dei har alltid ubehagelig blikk også. Men eg elskar varm belysning, glitter og vinterplanter. Forrige veke tok eg bilder av den nye juleavdelinga på Norway Designs og måtte kjøpe med meg påfuglen i glass. Eg pirka også i eit par skjøre fuglar som minna om dei gamle fine fuglane frå barndommen. Kanskje eg går tilbake og tar med meg eit par sånne. Eg vil ivertfall skape gode juleminner og tradisjonar for Elsa, og då er pynten ein plass å starte. Den rare adventsgrisen kjøpte eg på loppemarked i haust med håp om at ho kjem til å hugse den som ein del av barndommens jul.
Frå skumle nissar til skumle menn; me starta på The Fall i helga også. Syns det var så nifst! Veldig ekkelt at mordaren er så “normal”, vanligvis er mordaren full av sosiale avvik og bur i ein fuktig kjellar uten vindu. At han er familiefar gjer det tusen gongar meir effektfullt. Eg har berre sett to episodar, men tenker at det er den serien eg har sett som tar seksualisert vold mest på alvor? Grugledar meg til neste avsnitt, det er så mange creepy detaljar der.

4

K

IMG_2011
I vår fekk eg oppleve kreft på nært hold. Det rysta ved noko eksistensielt i meg. Eg har gått rundt heile livet og tenkt at alle mine kjære er trygge. No når eg skriv det innser eg kor naiv og heldig eg er. Å høyre orda eg har kreft frå eit kjært menneske er litt som å bli skutt. Og ikkje så uvanlig. Denne snikande sjukdommen som rammar dei fleste familiar, aldri rettferdig, alltid skremmande. Eg hatar kreft-ordet. Eg ser det for meg som eit grønt, lysande neonskilt i rommet. Det skapar så mykje frykt og dødsangst. Eg hatar kreftceller. Tanken på kor mange menneske som går rundt med kreftceller i kroppen akkurat no uten å vite når dei får behandling. Eg hatar tanken på at folk må vente på hjelp, og på at det fins behandlingar som er dårligare enn andre. Eg hatar å vente på svar. Og eg er takksam for forskning, for kirurgar, for stråling. Til 30-årsdagen min klarte eg med hjelp av venner og familie samle inn snart 15.000 kroner til Kreftforeningen. Det gjer meg så stolt. Eg håpar det gjer at ennå fleire får oppleve å høyre orda eg er frisk no frå sine kjære. Og eg vil minne alle om å sjekke seg.

4

Vi drar til fjällen

_MG_0006
Forrige søndag fylte eg tretti år! Eg ønska meg ein skikkelig ferie, og det fekk eg. Fem dagar på fjellet med den vesle gjengen min.

_MG_0148
_MG_0142
_MG_9889
_MG_0123
Eg fekk endelig tid til å begynne på boka til Linn. Den har gløda på nattbordet sidan eg kjøpte den, og eg koste meg med kvart einaste ord.

_MG_9846_MG_9976
Me gjekk latterlig korte turar rundt hytta kvar dag. (Minus ein dag då eg og Elsa sov bort heile ettermiddagen). Elsa kikka forundra på snøen og vart kald på snuten.

_MG_9759
_MG_9720
_MG_9979
_MG_9701
_MG_9693
_MG_9696
_MG_9963
No er eg ikkje twenty-something lenger! Åh, så glad eg ville blitt på 20-årsdagen min om eg hadde fått vite alt det fine som kom til å hende meg i framtida. Tilfeldigvis driv eg og ryddar på harddiskane mine no, så det har vore gøy å sjå tilbake på tiåret samstundes som eg er på veg inn i eit anna. Ikkje at eg er så veldig nostalgisk om dagen, med Elsa i livet er det naturlig og tenke mest framover. Det er så spennande å tenke på alt som kjem! Tenk om dette tiåret blir det beste.

5

Pannelugg og gyllent løv

_MG_9441
Her står Elsa i sin finaste yogapositur og ser på den gylne bjørka som står utenfor leiligheten.
_MG_9473_MG_9513
Ho blir heilt lyrisk no når det er så mykje fargar og lys ute, og kvar gong me tek henne opp av vogna hyler ho av glede.
_MG_9541
Eg har klippa pannelugg! Kvar haust drømmer eg om ein tung pannelugg under lua, men orkar ikkje ha sovesveis om morgonen. Men i år hadde eg uansett ein liten ammelugg, så då kunne eg like greit kjøre på med den luggen eg alltid har hatt lyst på. Eg hadde jo ein ganske massiv lugg for lenge, lenge sidan. Då i blond versjon. Eg fekk så mange kompliment for den sveisen, sjølv om etsa bort skallen min kvar sjette veke. Glad eg er ute av den loopen.
_MG_9558
_MG_9591
Elsa derimot er like skalleper som vanlig, men to små tenner dukka opp for eit par veker sidan.

3