Sol!

_MG_4825
_MG_4828
_MG_4835
Hei og god helg! Denne veka har eg pakka fram vårsko og leiligheten har bada i sol på ettermiddagen. Eg har også sett to gode dokumentarar:
The White Helmets på Netflix. Den varar kun 40 minuttar, så alle har tid til å sjå den. Den handlar om eit hjelpekorps i Syria som reddar liv kvar einaste dag. Det er ein vond film, men det får me som bur i eit trygt land berre orke å sjå. Jo meir me veit og ser, jo meir kan me hjelpe. Kvar gong ei bombe treff eit sivilt mål rykkar The White Helmets ut for å grave etter levande i ruinane. Ein av dei beste tinga me kan gjere for å hjelpe folk direkte i Syria er å støtte The White Helmets!

– Så noko litt meir lettbeint; dokumentaren Venus – nakne bekjennelser på NRK. Ingenting er vel bedre enn ein erotisk, feministisk dokumentar på slutten av veka?

1

08. mars 2017

Dette skreiv eg i går:

07. mars 2017

I dag tidleg starta eg bearbeiding av fødselstraume på helsestasjonen. Eg fortalte om då eg ikkje vart tatt imot på sjukehuset, og at eg ikkje klarte å komme meg tilbake til bilen. At eg vart liggande på eit hotellrom og spy med riestorm. Visste du at det ikkje er lov å flytte på dyr som er i fødsel? Men på kvinner er det lov. Eg spurte terapeuten kva som er meininga med å spare skattepengar i barselomsorgen, for så å bruke dei samme skattepengane på traumebearbeiding. Og eg tenkte på korleis det må være for terapeuten å få inn nye kvinner kvar einaste dag, med dei samme dritthistoriane.

 

I dag ville eg gjerne trene, men tida strakk ikkje til. Henrik foreslo at eg kunne ta ein joggetur i parken der me bur når dagen var omme. Og eg minte han på at å jogge i mørke parkar etter klokka 22:00 om kvelden er eit mannlig privilegium. Me lo av det, men det er så jævlig trist.

 

Eg har eit minne om at eg allerede i 2. klasse på barneskulen begynte å holde inn magen. Eg fekk tipset av ei venninne i klassen. Eg lurar på kva slags verd me vaks opp i, som fekk oss til å halde magen inne i ein alder av 7 år. No er dotter mi eitt år, kor gammal er ho første gong ho får vite at noko med kroppen hennar ikkje er godt nok? Eg ser på henne, lykkelig, trygg og uvitande. Født god nok. Eg skal kjempe som eit dyr for å la henne beholde den sanninga.

 

Sist eg sjekka var ti prosent av norske kvinner voldtatt. Tenk om dotter mi blir ein del av den statistikken? Og uansett vil ein eller fleire av venninnene hennar havne i den. Eg skal stå på barrikadene for å snu den statistikken før det skjer.

 

Første gong eg vart tafsa på på open gate var eg 17 år. Tenk at verdas mektigaste mann seier grab them by the pussy. Tenk at samme mann har kutta all pengestøtte til internasjonal aborthjelp. I ei verd der 47000 kvinner døyr som følge av utrygge abortar. Førtisjutusen! Smak på det tallet. Dette gjeld spesielt kvinner i land der det allereie manglar informasjon om sex og prevensjon.

 

I morgon er det 8. mars igjen. Eg er mest lei av å måtte forsvare feminismen på internett og i middagsselskap. Når politimenn ber russejenter om å gå med sykkelshorts, når ein norsk statsråd underkjenner feminismen på tv, når me må bruke kvinnedagen på å forsvare at den fins vil ting aldri kunne endre seg. Eg er lei av å høyre ikkje alle menn voldtar. Når skal folk skjønne at dette gjeld alle kvinner, når skal folk slutte å latterleggjere feminismen? Likestilling kjem aldri til å komme av seg sjølv. Kvinner har systematisk mindre makt, pengar, sikkerhet og kroppsleg integritet enn menn i alle land i heile verda. Ferdig.

8

Arons lampe

_MG_4855
Her satt eg i går med bilder og podcast, for ein oase. Då lyset kom utpå dagen kom eg på at eg burde vaske vinduer og eg måtte eg ta fram kameraet å ta bilder av lampen me fek av Lena og Aron til jul. Den er i skir, matt porselen, laga av Aron.
_MG_4865_MG_4860

No har eg kontor heime, eg sa opp kontorplassen min forrige veke. Eg har aldri tid til å gå dit, og kjem nok ikkje til å ha det fram til august. Det var litt trist, då det er verdens finaste lokale. Men det var befriande å ikkje lenger ha litt dårlig samvittighet over at eg uansett berre redigerar heime eller skriv på Nationalbiblioteket. Samtidig håpar eg på å finne eit hus med kontor. Eller få skrivestipend. Då vil eg ha skrivebordet vendt ut mot rommet og ikkje mot ein vegg. Håpar det blir sånn.

1

We made it!

_MG_2921
_MG_2931
_MG_3027
I dag er det 1. mars og då er det vår! Denne vinteren la eg nesten ikkje merke til. Eg er ganske lei av vintersko og kåpe, men ellers har den ikkje vore til bry. Elsa har framleis ikkje barnehageplass og eg tek på meg fotooppdrag som vanlig no. Det går ikkje heilt opp, men eg har barnevakt på dagtid to dagar i veka. Eg vil egentlig ikkje anbefale nokon å gjere begge deler, og eg vil ivertfall ikkje gi uttrykk for at det er kjempelett. Eg har deppa litt over at eg ikkje har fått tid til å skrive så mykje, og veldig lite kontinuitet. Når eg er med Elsa er eg berre med Elsa, då tenker eg ikkje på e-postar og bilder som står på vent. Eg trur det er det som får det til å fungere. Me har det jo alltid gøy saman. I går gjekk me ein ettermiddagstur i regnet, og då kunne me ha ein slags samtale frå vogna. Ho har eit par ord ho kan bruke til det meste; Se! Se der! Mamma! Oi!

I dag tidleg bestilte eg sommarferie! Det er spennande, eg har ikkje reist med fly sidan 2015 og er egentlig litt stolt over det. I kveld skal me på visning på eit hus, det er spennande. Eg trur kanskje ikkje det er drømmehuset, men me skal sjekke likevel.

1

Første bursdag

_MG_2999
_MG_3139
_MG_3166_MG_3183
Elsa fekk bolle med lys på sin første bursdag. På søndag hadde me eit lite familieselskap for ho. Eg festa sølvtrådar i heliumballongar og Elsa var besatt av dei heile dagen. Suksess! Kjolen ho har på dei siste bildene er strikka av hennar tipp-tipp oldemor! Den har puffarmer, svart fløyelsbånd og masse vidde i skjørtet. Tenk om tipp-tipp oldemor hadde visst at den skulle bli finkjolen i 2017!

3

Lea

_MG_1706
_MG_1652_MG_1485
Portrett eg tok av Lea Hiorth på ein iskald dag i vinter.

0

Eit vårbarn

_MG_1905_MG_2137

Eg fekk ta gravidbilder av Andi som ventar barn til våren. Andi er fotograf sjølv, så eg takka ja til oppdraget med ærefrykt. Først foreslo eg å finne eit fint innemiljø, pga vinter, men Andi syns det var fint å ta bilder ute for å hugse ting som dei var. Og ved havet pga vestlending.
_MG_2457
_MG_2413_MG_2563
Sjå så fin! I kjole frå 40-tallet og vintagecape. Finaste gravidstilen eg har sett.

2

Elsa 1 år

_MG_3372

Eit minne som ofte dukkar opp er ansiktet til Henrik då Elsa kom ut. Han var så glad som eg aldri har sett eit menneske være, det er eit av mine finaste minner i livet. Det fjeset. Og Elsas fjes, som var klart og rolig. Eg var så letta då eg fekk ho i armane mine, den finaste gåva eg har fått. Pulsen hennar hadde vore ustabil heile fødselen og eg var så bekymra for babyen min. Blir alltid lei meg når eg tenker på den frykten. Ikkje ein dag har eg tatt ho for gitt. Og eg hugsar:

 

At eg var stolt av meg sjølv og kroppen min etter fødselen. At eg stod i bleie og bar overkropp og hadde ein heilt normal samtale med ei jordmor. At eg åt middag med svigers med begge puppene ute. At kroppen berre var eit verktøy eg skulle bruke, ingenting å skamme seg over. Og at det var så masse følelsar som måtte ut, men at det var deilig å gi faen i all skam og sosiale reglar. Eg burde tatt vare på den evna, å kunne stå i sjukehustruse foran ein framand og berre fuck yeah.

 

Dagen etter me kom heim frå sjukehuset, då eg fant ut at eg kunne få øyenkontakt ved å synge. Resten av tida sov ho. Me lot berre gjester få komme dersom dei tok med mat til oss.

 

Og då eg møtte jordmora på helsestasjonen, som hadde vore så trygg å snakke med i svangerskapet. “Sjå, her er babyen!” ropte eg nesten etter ho, eg var så stolt!

 

Det var uvant å være heime heila tida, alt ansvaret var overveldande. Egentlig likte eg ikkje at andre enn meg holdt babyen, eg tok ikkje blikket bort eit sekund. Fekk lyst å rope hold hovudet hold hovudet! Eg var lynrask i dusjen for å kunne komme tilbake til ho.

 

At eg hadde brystbetennelse og det einaste som gjorde godt var å la Elsa få sove på brystet mitt. Ho var tre veker og eg hadde så lyst til å være frisk nok til å nyte henne.

 

At den første gongen eg var borte frå Elsa var i ein ambulanse og at eg sakna henne. Eg fekk ein slange inn i nasa med oksygentilførsel, ambulansemannen gløymte å skru på oksygenet og me lo av det.

 

_DSF2730

At eg, kronidioten, gjekk ut i byen for å prøve jeans seks veker etter fødsel.

 

Dei første varme vårdagane, då Caroline overraska meg med CocoRosie-konsert og at eg klarte å slappe skikkelig av borte frå Elsa.

 

At eg leste frå “Ungdomsskulen” på eit arrangement, at eg var framleis var heilt rå og hudlaus. Eg var svett og hadde på amme-bh og kunne ikkje vente med å komme meg heim.

 

_MG_8934

At det gjekk bra med amming tilslutt, eg amma i regnet på ein benk på Grønland og var så glad! Det var som ein scene i Shawshank Redemption.

 

Elsas første latter og at eg rakk å filme den.

 

At eg grua meg til å begynne å jobbe. At eg satt på ei kebabsjappe i Tøyengata og grein fordi eg grua meg sånn.

 

Hausten som vart min gullhaust. Og Henrik og Elsa fekk meir tid saman.

 

_MG_7781

Å være tre! At Elsa og Henrik kunne møte meg mellom fotooppdrag eller komme til kontoret. Og at Elsa syns at mamma og pappa er like gode.

 

Då me var på biltur til Sverige og måtte ta inn på verdens verste hotell. At me satt i mørket og spiste burger i kvar vår 90-seng medan Elsa sov, og fniste på badet etterpå av tragedien.

 

_MG_0381

Elsas armar og bein som sprellar av glede. At ho seier MMMMMMMM! kvar gong ho et favorittmaten sin. At ho legg seg rett ned på golvet for å kvile når ho er trøtt, og leikar vidare etter ein liten pause. Måten ho dansar med skuldrene på kvar gong ho høyrer musikk. At ho ikkje smiler tilbake til fremmande når ho ikkje har lyst. At uansett kor mykje eg gledar meg til å gå på jobb gjer det alltid vondt når ho trygt og sjølvsikkert vinkar hadet mamma i døra. Lese for ho om kvelden. Sitte rundt frukostbordet.

8

Vinterbryllup

_MG_9473
På ein av dei finaste dagane i januar fotograferte eg dette brudeparet. Kan ikkje alle gifte seg på vinteren frå no av, please? Eller la meg være fotograf eller gjest i eit nyttårsbryllup, det har eg så lyst til! Helst gjest, eller begge deler.
_MG_8157_MG_8278
_MG_8400_MG_8456
_MG_8619
_MG_8653_MG_8661
_MG_8686_MG_8713
_MG_8819_MG_8829
_MG_8950
_MG_8954_MG_8960
_MG_9148

1

Dvalen

_MG_1867
_MG_2650
_MG_2707
Tre små glimt frå vår vinter. Nyvåken Elsa blar i bok, tjuvstart på fastelavnsboller og ein barnestol i rotting me fekk gratis på finn.no! Me har vore heime med feber i nokre dagar, det er litt som å bu i kloster. Trur eg.

Eg smådeppa litt i forrige veke. Me fant eit lite drømmehus i skogkanten, som var veldig nære på å bli vårt. Eg rakk å sjå for meg ei heil framtid der. Me var ikkje på noko særlig husjakt heller, men det var akkurat DET huset som fekk både meg og Henrik til å kjenne det. Det var så fint og omtenktsomt tatt vare på og nært naturen. Jaja, kanskje i framtida.

0