Arons lampe

_MG_4855
Her satt eg i går med bilder og podcast, for ein oase. Då lyset kom utpå dagen kom eg på at eg burde vaske vinduer og eg måtte eg ta fram kameraet å ta bilder av lampen me fek av Lena og Aron til jul. Den er i skir, matt porselen, laga av Aron.
_MG_4865_MG_4860

No har eg kontor heime, eg sa opp kontorplassen min forrige veke. Eg har aldri tid til å gå dit, og kjem nok ikkje til å ha det fram til august. Det var litt trist, då det er verdens finaste lokale. Men det var befriande å ikkje lenger ha litt dårlig samvittighet over at eg uansett berre redigerar heime eller skriv på Nationalbiblioteket. Samtidig håpar eg på å finne eit hus med kontor. Eller få skrivestipend. Då vil eg ha skrivebordet vendt ut mot rommet og ikkje mot ein vegg. Håpar det blir sånn.

1

We made it!

_MG_2921
_MG_2931
_MG_3027
I dag er det 1. mars og då er det vår! Denne vinteren la eg nesten ikkje merke til. Eg er ganske lei av vintersko og kåpe, men ellers har den ikkje vore til bry. Elsa har framleis ikkje barnehageplass og eg tek på meg fotooppdrag som vanlig no. Det går ikkje heilt opp, men eg har barnevakt på dagtid to dagar i veka. Eg vil egentlig ikkje anbefale nokon å gjere begge deler, og eg vil ivertfall ikkje gi uttrykk for at det er kjempelett. Eg har deppa litt over at eg ikkje har fått tid til å skrive så mykje, og veldig lite kontinuitet. Når eg er med Elsa er eg berre med Elsa, då tenker eg ikkje på e-postar og bilder som står på vent. Eg trur det er det som får det til å fungere. Me har det jo alltid gøy saman. I går gjekk me ein ettermiddagstur i regnet, og då kunne me ha ein slags samtale frå vogna. Ho har eit par ord ho kan bruke til det meste; Se! Se der! Mamma! Oi!

I dag tidleg bestilte eg sommarferie! Det er spennande, eg har ikkje reist med fly sidan 2015 og er egentlig litt stolt over det. I kveld skal me på visning på eit hus, det er spennande. Eg trur kanskje ikkje det er drømmehuset, men me skal sjekke likevel.

1

Første bursdag

_MG_2999
_MG_3139
_MG_3166_MG_3183
Elsa fekk bolle med lys på sin første bursdag. På søndag hadde me eit lite familieselskap for ho. Eg festa sølvtrådar i heliumballongar og Elsa var besatt av dei heile dagen. Suksess! Kjolen ho har på dei siste bildene er strikka av hennar tipp-tipp oldemor! Den har puffarmer, svart fløyelsbånd og masse vidde i skjørtet. Tenk om tipp-tipp oldemor hadde visst at den skulle bli finkjolen i 2017!

3

Lea

_MG_1706
_MG_1652_MG_1485
Portrett eg tok av Lea Hiorth på ein iskald dag i vinter.

0

Eit vårbarn

_MG_1905_MG_2137

Eg fekk ta gravidbilder av Andi som ventar barn til våren. Andi er fotograf sjølv, så eg takka ja til oppdraget med ærefrykt. Først foreslo eg å finne eit fint innemiljø, pga vinter, men Andi syns det var fint å ta bilder ute for å hugse ting som dei var. Og ved havet pga vestlending.
_MG_2457
_MG_2413_MG_2563
Sjå så fin! I kjole frå 40-tallet og vintagecape. Finaste gravidstilen eg har sett.

2

Elsa 1 år

_MG_3372

Eit minne som ofte dukkar opp er ansiktet til Henrik då Elsa kom ut. Han var så glad som eg aldri har sett eit menneske være, det er eit av mine finaste minner i livet. Det fjeset. Og Elsas fjes, som var klart og rolig. Eg var så letta då eg fekk ho i armane mine, den finaste gåva eg har fått. Pulsen hennar hadde vore ustabil heile fødselen og eg var så bekymra for babyen min. Blir alltid lei meg når eg tenker på den frykten. Ikkje ein dag har eg tatt ho for gitt. Og eg hugsar:

 

At eg var stolt av meg sjølv og kroppen min etter fødselen. At eg stod i bleie og bar overkropp og hadde ein heilt normal samtale med ei jordmor. At eg åt middag med svigers med begge puppene ute. At kroppen berre var eit verktøy eg skulle bruke, ingenting å skamme seg over. Og at det var så masse følelsar som måtte ut, men at det var deilig å gi faen i all skam og sosiale reglar. Eg burde tatt vare på den evna, å kunne stå i sjukehustruse foran ein framand og berre fuck yeah.

 

Dagen etter me kom heim frå sjukehuset, då eg fant ut at eg kunne få øyenkontakt ved å synge. Resten av tida sov ho. Me lot berre gjester få komme dersom dei tok med mat til oss.

 

Og då eg møtte jordmora på helsestasjonen, som hadde vore så trygg å snakke med i svangerskapet. “Sjå, her er babyen!” ropte eg nesten etter ho, eg var så stolt!

 

Det var uvant å være heime heila tida, alt ansvaret var overveldande. Egentlig likte eg ikkje at andre enn meg holdt babyen, eg tok ikkje blikket bort eit sekund. Fekk lyst å rope hold hovudet hold hovudet! Eg var lynrask i dusjen for å kunne komme tilbake til ho.

 

At eg hadde brystbetennelse og det einaste som gjorde godt var å la Elsa få sove på brystet mitt. Ho var tre veker og eg hadde så lyst til å være frisk nok til å nyte henne.

 

At den første gongen eg var borte frå Elsa var i ein ambulanse og at eg sakna henne. Eg fekk ein slange inn i nasa med oksygentilførsel, ambulansemannen gløymte å skru på oksygenet og me lo av det.

 

_DSF2730

At eg, kronidioten, gjekk ut i byen for å prøve jeans seks veker etter fødsel.

 

Dei første varme vårdagane, då Caroline overraska meg med CocoRosie-konsert og at eg klarte å slappe skikkelig av borte frå Elsa.

 

At eg leste frå “Ungdomsskulen” på eit arrangement, at eg var framleis var heilt rå og hudlaus. Eg var svett og hadde på amme-bh og kunne ikkje vente med å komme meg heim.

 

_MG_8934

At det gjekk bra med amming tilslutt, eg amma i regnet på ein benk på Grønland og var så glad! Det var som ein scene i Shawshank Redemption.

 

Elsas første latter og at eg rakk å filme den.

 

At eg grua meg til å begynne å jobbe. At eg satt på ei kebabsjappe i Tøyengata og grein fordi eg grua meg sånn.

 

Hausten som vart min gullhaust. Og Henrik og Elsa fekk meir tid saman.

 

_MG_7781

Å være tre! At Elsa og Henrik kunne møte meg mellom fotooppdrag eller komme til kontoret. Og at Elsa syns at mamma og pappa er like gode.

 

Då me var på biltur til Sverige og måtte ta inn på verdens verste hotell. At me satt i mørket og spiste burger i kvar vår 90-seng medan Elsa sov, og fniste på badet etterpå av tragedien.

 

_MG_0381

Elsas armar og bein som sprellar av glede. At ho seier MMMMMMMM! kvar gong ho et favorittmaten sin. At ho legg seg rett ned på golvet for å kvile når ho er trøtt, og leikar vidare etter ein liten pause. Måten ho dansar med skuldrene på kvar gong ho høyrer musikk. At ho ikkje smiler tilbake til fremmande når ho ikkje har lyst. At uansett kor mykje eg gledar meg til å gå på jobb gjer det alltid vondt når ho trygt og sjølvsikkert vinkar hadet mamma i døra. Lese for ho om kvelden. Sitte rundt frukostbordet.

8

Vinterbryllup

_MG_9473
På ein av dei finaste dagane i januar fotograferte eg dette brudeparet. Kan ikkje alle gifte seg på vinteren frå no av, please? Eller la meg være fotograf eller gjest i eit nyttårsbryllup, det har eg så lyst til! Helst gjest, eller begge deler.
_MG_8157_MG_8278
_MG_8400_MG_8456
_MG_8619
_MG_8653_MG_8661
_MG_8686_MG_8713
_MG_8819_MG_8829
_MG_8950
_MG_8954_MG_8960
_MG_9148

1

Dvalen

_MG_1867
_MG_2650
_MG_2707
Tre små glimt frå vår vinter. Nyvåken Elsa blar i bok, tjuvstart på fastelavnsboller og ein barnestol i rotting me fekk gratis på finn.no! Me har vore heime med feber i nokre dagar, det er litt som å bu i kloster. Trur eg.

Eg smådeppa litt i forrige veke. Me fant eit lite drømmehus i skogkanten, som var veldig nære på å bli vårt. Eg rakk å sjå for meg ei heil framtid der. Me var ikkje på noko særlig husjakt heller, men det var akkurat DET huset som fekk både meg og Henrik til å kjenne det. Det var så fint og omtenktsomt tatt vare på og nært naturen. Jaja, kanskje i framtida.

0

Ein familie

_MG_2041
_MG_1971_MG_1933
_MG_1725_MG_1643

Var heime hos denne familien og tok familiebilder for ei stund sidan. Eg tok bilder i bryllupet deira i 2013! Blir alltid glad for kundar som kjem tilbake, no har eg fleire små liv eg får følge med kameraet mitt. I bryllupet deira tok eg nokre av mine favorittbilder frå bryllup nokonsinne, nemlig desse:

10670310053_2450ae777a_o10670334763_d55e02beaa_o

Klokka er sikkert 05 om morgonen, gjestene har dratt og brudeparet dansar blant tomme flasker og glasskår. Gjestene hadde dansa hull i buksene, det var nattbading og herja brudekjole. Eg var også DJ i det bryllupet (derfor eg hadde muligheten til å dra opp kamera like etter soloppgang.) Kan nevne at eg ikkje er kombinert DJ og fotograf i bryllup lenger, det var då eg ikkje hadde hatt så mange bryllup og sa ja til ALT. No har det blitt så mange bryllup sidan at eg må inkludere eit snev av HMS i kvardagen. Men for desse bildene var det verdt det.

1

Alt etter havet

_MG_4099_MG_4011
_MG_4128
_MG_4178_MG_4040
_MG_4235
Forfattarportrett eg tok av Lasse W. Fosshaug like før han blei far og gav ut bok samtidig (kjenner meg litt igjen i den prosessen). Og eg håpa han kom til å få glitrande melding i avisa, med portrettet sitt ved sida av. Noko han fekk! Me tok bildene like etter soloppgang og lyset endra seg for kvart minutt som gjekk. Eg har blitt mykje flinkare til å avtale fotograferingar når lyset er spennande.

Då “Ungdomsskulen” kom hadde eg bestemt meg for å ikkje lese meldingar i det heile tatt, for eg ville berre slappe av og kose meg med Elsa. Men så kom dei rullande og då kunne eg ikkje la være. Eg fekk så mange fine, og berre ein som var litt sur. Den kom på ein skikkelig fin vårdag, eg gjekk ein lang tur med Elsa og tenkte jaja. Har ofte tenkt på det sidan, at å ha barn tar brodden av alle småproblem. Då går eg berre heim og bygger Duplo med Elsa.

0