Kavalkaden

IMG_0272

I 2013 var eg redd for å ikkje klare å betale studielån og spare på BSU, men eg veit iallefall at BSU ikkje er det samme som USB lenger. Eg var redd for at eg aldri skulle bli ferdig med boka, at eg ikkje var på sporet av noko i det heile tatt. Eg var også redd for å bli tatt av bjørn eller ulv på ein joggetur på Renåfjellet. Alt kan skje. På vinteren skreiv eg på boka, enten i morgenkåpe og tøfler ved det blå skrivebordet, eller på Nasjonalbiblioteket, bakerste rekke. Hvis nokon gjekk forbi bak meg lukka eg word-dokumentet med ein gong. Eg fant på nye karakterar eg ikkje hadde trudd eg skulle finne på.

 

Det er februar. Me går på ein visning til ein leilighet uten å sei det til nokon. Den ligg ved sjøen på Bygdøy, etterpå har me vondt i magen av spenning. Isen ligg over fjorden, eg blir kald på øyrene. Me takkar nei til leiligheten.

 

Eg er innom Flamme-kontoret og plutselig snakkar me om boka som om den er ferdig. Eg trur kanskje den er ferdig.

 

IMG_4957

Ein tirsdag, når alle er heime i kollektivet seier eg at me har begynt å sjå på leilighetar. Nokon blir glade, andre blir stille. Eg var litt redd for at det siste skulle skje. Når me takkar ja til leiligheten i Gamlebyen er me glade, men eg må springe ut av leiligheten likevel, ut i snøen, Caroline følger etter og me griner for at det ikkje er oss som skal bu ilag lenger.

 

IMG_0111

IMG_0005

Han får latterkrampe når me pussar tennene og han lenar seg over vasken for å ikkje søle tannkrem på genseren. Før me legg oss seier eg at eg har vondt i magen, eg våknar om natta av at han legg hånda si på panna mi for å kjenne om eg har feber. Frå senga har eg utsikt mot Ekebergåsen og himmelen. -Det er stjerneklart, seier han. -Men eg har ikkje briller på.

 

IMG_1496

IMG_6013

Boka blir ferdig! Men når eg hentar den på Flamme blir eg redd, angrar litt, gøymer den under eit teppe i sofaen, ventar med å bla i den til dagen etter. Det blir juli og me spring rundt Sognsvann og badar etterpå nesten kvar dag.

 

IMG_4932

IMG_1307

Eg sender ein mail til eit kor, spør om eg kan bli få være med. Først må eg komme på prøvesang, akkurat som Idol. Når eg begynnar å synge får eg sjokk av akustikken i den gamle kyrkja. Høyrer ikkje kva som eg meg og kva som er rommet. Men eg får bli med i koret, sjølv om eg ikkje kan noter eller nå dei høgaste tonane. Eg går dit kvar onsdag, gjennom politiparken, og når det begynnar å bli mørkt om kvelden går eg omveien rundt.

 

 

3

Gøteborg

IMG_1442
IMG_1426
IMG_1437
IMG_1459
IMG_1523
IMG_1499
IMG_1506
IMG_1550
IMG_1565
IMG_1583
IMG_1597

Gøteborg er så fin by, tre timar unna med Swebus, litt meir spennande enn Oslo, alltid dårlig vær. Det har liksom blitt ein tradisjon å treffast der i november, når vinteren snart begynnar og man har ingen planar uansett.

1

01:09 eufori

Ein film frå november når me dansa som tullingar i Göteborg. Har sett den hundre gangar, elskar at alle er inni sin egen verden.

3

Samme by

IMG_3092
Plutselig bur me i samme by, etter tre år med togreiser og meterlange e-postar. I totusenog elleve skriv eg at eg hatar at me ikkje bur i samme by. Wish you were here. I totusenogtolv skriv eg no er det lenge sidan me har budd i samme by. I totusenogtretten skriv eg at eg skulle ønske me budde i samme by. Snart er det tjuefjorten og du bur på sofaen min, håpar det varar. Men alt er i bevegelse, nokon får ein jobb i eit anna land, nokon flyttar til ein annan del av byen, dei som hadde det dritt i fjor har det bra no og dei som har det dritt no hadde det bra i fjor, ingenting vil være det samme om eit år men håpar me bur i samme by.

3

Venezia

IMG_2308
IMG_2381
IMG_2425
IMG_2428
IMG_2431
IMG_2442

Når me gjekk av toget i Venezia fekk eg sjokk, eg hadde gløymt å tenke på at det fins ingen bilar der, det er vatnet som er veien. Båtane ligg så lavt på vatnet, man er nesten under overflaten. Me tok båten ut til Lido, alle dei andre passasjerane var pensjonistar, me kunne sjå sola gå ned i havet. På hotellrommet vårt hadde dei hotellansatte spraya ein rar parfyme som fekk meg til å nyse. Me hadde planlagt å kjøre gondol, men så gjorde me det ikkje likevel. Eg hadde lyst å kjøpe ei maske, men klarte ikkje velge ut den eg syns var finast. Me åt på det som kanskje var favorittrestauranten til Antonio Banderas. Me såg ein mann me trudde var ein kjent regissør, men ingen av oss hugsa navnet på han eller filmane hans. Me gjekk inn i ein katedral, dei hadde dekorert med eit hav at røde plastroser rundt eit bilde av jomfru Maria, og svære palmer, også i plast, stod ved alteret. Eg jogga på stranda, det var nesten ingen der, etterpå bada eg i havet. Eg var på biennalen, tok bilder av bildene til fotografane eg likte, så eg ikkje skulle gløyme dei. Me drakk opp alt i mini-baren, unntatt vannflaskene.

7