Le week-end

IMG_0150IMG_0205IMG_0210IMG_0278IMG_0381

Feira 28-årsdagen till Henrik med kakefrukost som blei til kakelunsj, som blei til middag. Gjekk på Pigalle fordi det var fullt alle andre plassar, endte opp med å kokodanse heile natta og gå varm og glad heim i snøen.

2

Warm in the winter

IMG_3352IMG_3368

Denne vinteren vil oss godt. Plussgrader, våt asfalt, ingen krise om man gløymer skjerf eller vottar. Det passar ein vestlending som er vant til femten grader og regn heile året. Er forelska i denne Oslovinteren! Minnar meg om ein av favorittsongane til Dansestøl, denne. 

 

2

Spring fort og le masse

IMG_8432IMG_8437IMG_8452IMG_8468IMG_8481IMG_8486IMG_8487IMG_8469IMG_8495IMG_8499IMG_8537

Eg tilbrakte nyttår med langbord, amigos og singstarnachspiel. Og eg blei minna på kor mykje eg elskar fyrverkeri samtidig som eg er livredd for det. Mitt nyttårsfortsett er å passe på å få nok dagslys sjølv om det er vinter og jobbe mindre i helgene. Resten er bra som det er! Med alle slankereartiklar på nettaviser og billboards i gatene er det fort gjort å gå inn i det nye året med sjølvpining og dårlig samvittighet. “Om man springer fort och skrattar mycket ser dom inte at man er ful” sa Henriette Steenstrup på radioen her om dagen. Eg hiver meg på den. I fjor trur eg at eg hadde som fortsett å lære pappa å like sushi, det blei ingen suksess. Og for to har sidan hadde Caroline som mål å ete meir sennep i kvardagen, og vise meir kløft. Dei finaste fortsettene eg har høyrt. Kva kan gå galt, liksom?

 

0

Kavalkaden

IMG_0272

I 2013 var eg redd for å ikkje klare å betale studielån og spare på BSU, men eg veit iallefall at BSU ikkje er det samme som USB lenger. Eg var redd for at eg aldri skulle bli ferdig med boka, at eg ikkje var på sporet av noko i det heile tatt. Eg var også redd for å bli tatt av bjørn eller ulv på ein joggetur på Renåfjellet. Alt kan skje. På vinteren skreiv eg på boka, enten i morgenkåpe og tøfler ved det blå skrivebordet, eller på Nasjonalbiblioteket, bakerste rekke. Hvis nokon gjekk forbi bak meg lukka eg word-dokumentet med ein gong. Eg fant på nye karakterar eg ikkje hadde trudd eg skulle finne på.

 

Det er februar. Me går på ein visning til ein leilighet uten å sei det til nokon. Den ligg ved sjøen på Bygdøy, etterpå har me vondt i magen av spenning. Isen ligg over fjorden, eg blir kald på øyrene. Me takkar nei til leiligheten.

 

Eg er innom Flamme-kontoret og plutselig snakkar me om boka som om den er ferdig. Eg trur kanskje den er ferdig.

 

IMG_4957

Ein tirsdag, når alle er heime i kollektivet seier eg at me har begynt å sjå på leilighetar. Nokon blir glade, andre blir stille. Eg var litt redd for at det siste skulle skje. Når me takkar ja til leiligheten i Gamlebyen er me glade, men eg må springe ut av leiligheten likevel, ut i snøen, Caroline følger etter og me griner for at det ikkje er oss som skal bu ilag lenger.

 

IMG_0111

IMG_0005

Han får latterkrampe når me pussar tennene og han lenar seg over vasken for å ikkje søle tannkrem på genseren. Før me legg oss seier eg at eg har vondt i magen, eg våknar om natta av at han legg hånda si på panna mi for å kjenne om eg har feber. Frå senga har eg utsikt mot Ekebergåsen og himmelen. -Det er stjerneklart, seier han. -Men eg har ikkje briller på.

 

IMG_1496

IMG_6013

Boka blir ferdig! Men når eg hentar den på Flamme blir eg redd, angrar litt, gøymer den under eit teppe i sofaen, ventar med å bla i den til dagen etter. Det blir juli og me spring rundt Sognsvann og badar etterpå nesten kvar dag.

 

IMG_4932

IMG_1307

Eg sender ein mail til eit kor, spør om eg kan bli få være med. Først må eg komme på prøvesang, akkurat som Idol. Når eg begynnar å synge får eg sjokk av akustikken i den gamle kyrkja. Høyrer ikkje kva som eg meg og kva som er rommet. Men eg får bli med i koret, sjølv om eg ikkje kan noter eller nå dei høgaste tonane. Eg går dit kvar onsdag, gjennom politiparken, og når det begynnar å bli mørkt om kvelden går eg omveien rundt.

 

 

3

Gøteborg

IMG_1442
IMG_1426
IMG_1437
IMG_1459
IMG_1523
IMG_1499
IMG_1506
IMG_1550
IMG_1565
IMG_1583
IMG_1597

Gøteborg er så fin by, tre timar unna med Swebus, litt meir spennande enn Oslo, alltid dårlig vær. Det har liksom blitt ein tradisjon å treffast der i november, når vinteren snart begynnar og man har ingen planar uansett.

1

01:09 eufori

Ein film frå november når me dansa som tullingar i Göteborg. Har sett den hundre gangar, elskar at alle er inni sin egen verden.

3