17. mai

_MG_0606
_MG_0621
_MG_0662
_MG_0675
_MG_0694
_MG_0740

Nokon glimt fra 17. mai. Frukost med sanghefte på iphone, grunnlovstale, bobler i glaset, ut å kikke på verden, henging i parken, samtalar om kjærligheten og post-bunad. Når eg blir gammal dame skal eg starte kvar dag med eit glas champagne. Sann mine ord!

6

Lena 2

_MG_0909
_MG_0929
_MG_0928
_MG_0930
Kan nesten ikkje slutte å sjå på desse portretta av Lena som slappar av i sola. For ei gudinne!

4

Eyolf

_MG_9040
_MG_8874
_MG_8871
_MG_8961

Testbilder av svigerfar og to av hans favoritt eigedelar; bassgitaren og ei gammal skøytehue.

1

Studio

_MG_9105
_MG_9107
Åhhhhhhhhhh, endelig har eg makka meg til å leie meg inn i eit studio, med min egen kontorplass. Endelig! Etter to år som sjølvstendig næringsdrivande, der eg har stått opp om morgonen og satt meg ved skrivebordet i stova, kan eg endelig stå opp om morgonen og berre stikke. Det er det beste eg har gjort på hundre år, får gjort dobbelt så mykje skrive- og redigeringsarbeid på sikkert halvparten av tida. Eg elskar å ha ein liten krok for meg sjølv, at det går litt i dørene, at eg kan prate med nokon i løpet av ein arbeidsdag, at lyset i studio er fantastisk, at eg sikkert aldri kjem til å bruke blitz på grunn av dei svære østvendte vindua. Har tatt masse bilder i dag, skal snart vise.

6

Lena

_MG_7052
_MG_7018
_MG_7119
_MG_7061
_MG_7072
Lena gav meg eit fint lite oppdrag for eit par veker sidan, nemlig å fotografere eit av hennar kroppssmykker. Kvar einaste detalj er eit lite smykke i seg sjølv, på lang avstand ser det ut som papir, men når man går nærare ser man at det er kopar, utskjært for hånd. Så spennande å sjå alle formene Lena finner opp inni hjernen sin, kor tar ho det frå? Ho har bachelorutstilling på KhiO, åpnar torsdag kl. 18:00.

0

The Breakfast Club

_MG_3133_MG_3160_MG_3139_MG_3150

Dette er min favoritttradisjon. Bedre enn jul! Elskar å stå opp tidlig og gå gjennom gatene med ballongar og kake, eg kunne gjort det kvar dag.

 

1

Vintage Diamant

_MG_6490_MG_6493_MG_6495_MG_6508_MG_6511

Ein dag me kjørte til Ski og kjøpte ein bruktsykkel til Henrik. Den første julepresangen eg fekk av Henrik var forøvrig ein gammal tandemsykkel, no står den i bakgården og må fiksast litt til våren. Då skal eg sykle rundt i byen og spørre om folk vil sitte på.

3

Tre ting

579999_274455162656302_183222927_n
1. I dag spelar eg og Caroline på Dattera! Me gler oss sånn! Det begynnar 23:00 og me spelar til 03:00, facebook-event her.

2. Før eg går til Dattera skal eg lese litt på sleppfesten til Audun Mortensen “Dyr jeg har møtt”. Det begynnar klokka fem, facebook-event her.

3. Alle kommentarane eg får her har ein lei tendens til å forsvinne inn i spamkommentarane, prøver å gå litt gjennom alle dei tusen spamkommentarane eg får daglig (hjelp!) og hente fram dei som ikkje er spam, men ikkje alltid eg rekk det. Så ikkje bli redd om kommentaren din ikkje dukkar opp, eg har ikkje sletta den, berre ikkje fått sett den.

La oss gjere byen i kveld!

3

Brudekjole, ballkjole, underbukse, naken.

_MG_3188
_MG_3179
Eg er jo på brudekjolejakt, og det er eit merkelig univers å dykke inn i. Eg, Caroline og Karina var på UFF ein dag og prøvde vintage brudekjolar, der har dei nettop tatt inn ein del. Ingenting som funka for meg, det blei litt mykje puffarmar og rare slep. Men det var veldig gøy, og me fekk blod på tann og begav oss vidare til ein klassisk brudesalong og massive tyllskjørt og tubetoppar. Eg har aldri skjønt greia med lange slep og vonde korsett, men man veit jo aldri før man har prøvd. Heile greia med brudekjolar virkar litt absurd for meg, liksom betale 15 000 kroner for ein polyesterkjole med strass man nesten ikkje kan bevege seg i og som man føler man burde gå ned 5 kilo for å passe inn i. Eg forstår det ikkje. Men, det var gøy å prøve, eg følte meg ivertfall som ei prinsesse i kjolen eg prøvde, men eg følte meg ikkje som meg sjølv i det heile tatt. Eg følte ikkje at eg kunne bevege meg normalt, at eg skulle orke å tilbringe ein heil dag i eit lass av tyll. Eg får jakte vidare etter noko eg kan danse i, sitte i, søle på, samtidig som eg føler meg bra. Så no veit eg, ingen prinsessekjole på meg.

Uten navn-1

5

Hvis ikkje no, når osv.

photo-9

Dei siste åra har eg liksom venta på at nokon skal banke på døra mi og spørre om eg har lyst å begynne å synge igjen. Synging har alltid vore ein av mine finaste hobbyar, ein måte å oppnå ein slags natural high på. Eg får samme følelse av å hente ut ein nyframkalla film på fotobutikken, eller å ta bilder i perfekt lys, men no som det å ta bilder har blitt jobb inkluderar det også eit element av prestasjonspress og økonomi. Når eg var yngre song eg i alltid kor, eller gjekk til sangpedagog, og etter øving var eg euforisk og kunne nesten ikkje vente til neste gong. Men ein gong iløpet av tenårene blei synginga gløymt vekk i alt det som var å være tenåring. Eg begynte med andre ting, begynte å ta bilder, begynte å studere, flytta inn i kollektiv med tynne veggar og alltid nokon heime og eg hadde ingen plassar i livet der det føltes naturlig å synge. Og eg blei flau og sjølvbevisst. Men i høst tenkte eg at no må eg berre teste ut korleis det er å synge igjen. Eg fekk plass i Grønland Kammerkor, som ville ha med meg sjølv om eg har stått på mute i nesten ti år, sjølv om eg ikkje har heilt kontroll på noter og takter. Det var veldig ubehagelig i starten, å ikkje ha peiling på korleis stemma mi egentlig høyrtes ut, men no begynnar eg sakte men sikkert å få meir kontroll. Som eg har savna å ha ein hobby, uten å være klar over det! Når eg er på kor-øving tenker eg på absloutt ingenting. Tre timar i veka der eg forsvinn heilt inn i musikken og stemmene. Og følelsen av rekreasjon i synginga smittar over på kreativiteten i foto og skriving, det har skapt eit fint skille mellom kva som er jobb og kva som er fritid.

0