Postkort

_MG_5024
_MG_5038
_MG_5018
_MG_5054
_MG_5058
_MG_5071
_MG_5067
_MG_5076
_MG_5084
_MG_5095
_MG_5100
_MG_5101
_MG_5105
_MG_5194

Eg våknar av at lufta i liggeunderlaget mitt har gått ut, eg teller på klokka at eg har sove i fem timar. Dei andre ligg som tre sardiner i senga. Eg benyttar sjangsen til å dusje først, det er ein sånn dusj der man må sitte i badekaret og holde dusjen sjølv, eg har aldri forstått poenget, kva som er den riktige måten å sitte på, eller om man kanskje burde stå. Eg har fått eit myggstikk som har vokst til ei imponerande vannblemme, angrar på at eg ikkje tok med allergimedisinen min. Eg viser blemma til dei andre, med reaksjonar som wow og i am so sorry this is happen to you. Det er fire år sidan me budde her, fire år sidan me dansa oss så svette om nettene at det føltes som nokon hadde helt ei bøtte med vatn over oss. Me legg oss i parken, snakkar om at dj’en var bra, at me kanskje var dei eldste som var der, som bestilte vatn i baren og hadde ergonomiske sko på føttene. Eg kjem på at me stod ved elva, og at ein mann gjekk forbi og tok tak i rumpa mi med begge hender, at eg slo ut med armane og sa nei på mitt eget språk. Det var derfor eg ikkje ville bu her lenger, eg hadde nesten gløymt det. –Det er nesten bra at det skjedde, konkluderar me. Eg tenker på Paris som det faktisk var, om eg skulle skreve om Paris som det var ville ingen trudd på meg, ingen ville orka å lese, det ville vore for mykje, det ville aldri vore ein rød tråd, det ville vore nye karakterar på kvar side som forsvant på neste, det ville vore eit ufattelig, støyande kaos. Det er ein gratiskonsert i parken, eg veit ikkje heilt om den har begynt eller om den skal begynne. Me krøkar oss saman på ein ledig grasflekk. Ein som sit ved sida av meg på graset spør kva slags dop eg tar. Eg seier ingenting. Han ser på meg med rus i blikket som om eg var ein hallusinasjon. –Aldri? spør han. Eg seier never ever ever ever. Det er ein varm dag med regn i lufta, på kvelden begynnar lynet å slå over himmelen, me opnar begge vindua i leiligheten og prøvar å ta bilder av strålene som smeller over byen. Alle bildene blir svarte. Me snakkar om at Los Angeles ligg oppå to jordplater som når som helst kan smelle saman i tidenes jordskjelv, og at jordskjelvet allerede er på overtid. Uværet varar heile natta, eg våknar fleire gongar av tordenskall og regn som kjem sidelengs inn vinduet. Eg prøvar å ikkje klø på myggstikket. Me går til stamkaféen vår, det er ein heilt vanlig, passe skitten kafé, men det er den eg savnar aller mest, oss på den kaféen, kva om me skjærer den ut og tar den med oss heim, sender heile sjappa med eit skip. Så sender me ein annan bit av Oslo tilbake, noko som vil passe fint i krateret av Cafe Cherie. Me kjøper japanske silkesjal. Får med oss siste dagen av ei utstilling. Ser på utsikten. Tar bilde av Eiffeltårnet. Spør om andre turistar kan ta bilder av oss foran Eiffeltårnet. –Tenk at me var her i to år, seier eg. –Er det ikkje snart nok? Me søker ly for regnet under ei uteservering, snart går siste metro heim, regnet blir verre og verre. Me teller til tre og spring hylande gjennom gata.

 

2

Don’t say goodbye, say bon voyage!

_MG_4833
_MG_4842
_MG_4845
_MG_4853
_MG_4855
_MG_4870
_MG_4880
_MG_4881
_MG_4896
_MG_4922
_MG_4931
_MG_4939
_MG_4940
_MG_4951
_MG_4956
_MG_4958
_MG_4960
_MG_4972
Eg har hatt nokon deilige dagar i Paris med ein liten bit av Parisgjengen. Det er fire år sidan me budde der no, og siden sist eg var der har eg skreve ei bok om Paris! Enn det. Den kjem på pocket i disse dagar! Er så lykkelig for at den fekk komme på pocket, og tilogmed i tide før sommaren så den kan bli med på feriar og hytteturar. Eg trur den er i butikk no, men er ikkje heilt sikker. Håpar den uansett blir fillelest ein sommar til.

6

Langøyene

_MG_7301
_MG_7393
_MG_7334bw
_MG_7299
_MG_7376
_MG_7383

Første badet på Langøyene i år! Der er det mange krokar man kan snike seg litt unna folkemengden, mitt tips er å gå i motsatt retning av dei andre badeturistane når du går av båten. Men no har eg jo sagt det her, så no er det ingen hemmelighet lenger. Ikkje sei det til nokon!

2

Hello Juni

_MG_7226
_MG_7184

Grei hårdag og visne syrinar. Litt blå over at mai er over, det er den besta tida. I mai om eit år skal eg gifte meg! Satsar på at det klaffar med syrinsesongen, eg kjem nok ikkje til å legge pengar på blomsterbudsjett, men kanskje eit par timar på syrinslang.

1

Emilie Storaas






Tok artistbilder av denne vakre havfrua for nokre veker sidan! Fint oppdrag, sjølv om me aldri hadde møttes før var me liksom på samme planet om kva me tenkte om bildene. Sjekk ut Emilie sin musikk her. Bandet hennar blei også Ukas Urørt i dag, ein fin tilfeldighet. Verden er i sync osv.

2

Joachim

_MG_3432
_MG_3431
_MG_3460
_MG_3465

Joachim var på frokostbesøk på kontoret mitt ein dag og eg kunne ikkje la være å ta bilder av han i morgonlyset.

0

17. mai

_MG_0606
_MG_0621
_MG_0662
_MG_0675
_MG_0694
_MG_0740

Nokon glimt fra 17. mai. Frukost med sanghefte på iphone, grunnlovstale, bobler i glaset, ut å kikke på verden, henging i parken, samtalar om kjærligheten og post-bunad. Når eg blir gammal dame skal eg starte kvar dag med eit glas champagne. Sann mine ord!

6

Lena 2

_MG_0909
_MG_0929
_MG_0928
_MG_0930
Kan nesten ikkje slutte å sjå på desse portretta av Lena som slappar av i sola. For ei gudinne!

4

Eyolf

_MG_9040
_MG_8874
_MG_8871
_MG_8961

Testbilder av svigerfar og to av hans favoritt eigedelar; bassgitaren og ei gammal skøytehue.

1

Studio

_MG_9105
_MG_9107
Åhhhhhhhhhh, endelig har eg makka meg til å leie meg inn i eit studio, med min egen kontorplass. Endelig! Etter to år som sjølvstendig næringsdrivande, der eg har stått opp om morgonen og satt meg ved skrivebordet i stova, kan eg endelig stå opp om morgonen og berre stikke. Det er det beste eg har gjort på hundre år, får gjort dobbelt så mykje skrive- og redigeringsarbeid på sikkert halvparten av tida. Eg elskar å ha ein liten krok for meg sjølv, at det går litt i dørene, at eg kan prate med nokon i løpet av ein arbeidsdag, at lyset i studio er fantastisk, at eg sikkert aldri kjem til å bruke blitz på grunn av dei svære østvendte vindua. Har tatt masse bilder i dag, skal snart vise.

6