H+H

_MG_4250_MG_4294
No vil eg vise litt bilder frå mitt bryllup! Alle bildene er tatt av Miriam Brenne Karlsen. Er så fornøgd og takknemlig for alle desse bildene. Me gifta oss 23. mai, som var den finaste vårdagen i år. Heilt sant. På morgonen inviterte me forlovarar på frukost, og så gjorde me oss klare alle saman heime. Eg hadde brudekjole frå H&M Conscious, krølla mitt eige hår og sminka meg sjølv. Har faktisk aldri følt meg så fin som den dagen. Trur ikkje det egentlig hadde så mykje med korleis eg faktisk såg ut, det var berre ein følelse av å være veldig tilfreds. Caroline hadde med ein overraskelse til meg, som var eit diadem eg fekk låne frå Gaggu Vintage. Det var godt å ha ein rolig morgon heime, det fjerna alt av nerver og stress. Og veldig rart å våkne opp, gå på butikken og handle croissantar og kunne sei at i dag skal me gifte oss.
_MG_4219_MG_4503_1
_MG_4342
_MG_4426_MG_4434
_MG_4477_MG_4665

Så kom svigers for å køyre oss til Øverland Gård. Der hadde me både middag, vielse og fest. Det var litt viktig for meg å ha alt på samme plass, litt for å sleppe stress og for å gjere det lettare for gjestene.
_MG_4763
Svigermor hadde laga brudebukett og av liljekonvall, som eg var veldig, veldig glad for.
_MG_4911_MG_4840

Me tok bilder i skogen og i eplehagen til Øverland Gård medan gjestene var i ferd med komme. Har så masse fine bilder frå dette at eg klarar ikkje velge blant dei. Er så glad for at Miriam kunne ta bildene, det var veldig avslappa og ikkje minst gøy. No har me bildene for alltid, og eg hadde aldri klart å hugse følelsen like bra uten desse. Eg er forresten gravid på desse bildene også, sjølv om eg ikkje visste det sjølv ennå. Syns det gjer dei ekstra, ekstra fine.
_MG_5080_MG_5136
_MG_5244_MG_5293
_MG_5308
_MG_5378_MG_5305
_MG_5466
_MG_5616

Så kom gjestene og det blei snart tid for middag. Me starta middagen halv fire og var ferdig til bords rundt halv sju, med god hjelp frå vår dyktige toastmaster. Me hadde lyst å bli ferdig med middagen så tidlig som mulig. Siden eg har vore fotograf i veldig mange bryllup måtte eg vri og vende litt på tradisjonane for å ikkje føle at eg var på jobb. Derfor hadde me vigsle på kvelden og middag på ettermiddagen. Pluss at festen blei litt lenger slik at me kunne få snakka meir med alle gjestene. Kan absolutt anbefale å snu litt på tradisjonar få å få dagen slik som ein vil. Klart det er lov!
_MG_5684
_MG_5580_1_MG_5591
_MG_6291

Me hadde tapas til middag, og partyhatt var dresscode. Og det blei masse, masse grining.
_MG_5815_2
_MG_5870
_MG_5989_MG_5944
_MG_6239
_MG_6275
_MG_6079_MG_6108
_MG_6146_MG_6148
_MG_6248
_MG_5730_MG_5857
_MG_6324
_MG_6277_1
_MG_5739
_MG_5792

No blei det masse bilder her, så eg kan lage eit nytt innlegg seinare med bilder frå vigsla og festen. Om nokon lurar på planlegging og andre bryllupsrelaterte ting er det berre å spørre!

Alle foto: Miriam Brenne Karlsen

17

Februarbaby

_DSF1813_DSF1818
Eg er gravid! Kjennes sprøtt at eg har rukke å både gifte meg og bli gravid på ca. eit kvarter. Har følt meg sjøsjuk i heile sommar, det har vore kjempeskummelt å kombinere med jobb. Alt har sjølvsagt gått heilt fint, men eg har sett for meg ein del skrekkscenario ved å bli bryllupsfotografen som kasta opp under vielsen. R E S P E C T til alle som nokon gong har vore gravide og hatt eit liv samtidig. Heldigvis har eg hatt ein mann som har servert frukost på senga kvar dag, og dei fire siste vekene har kroppen blitt heilt seg sjølv igjen. Unntatt magen då, som plutselig har blitt ein rund ball. Deilig å være over pizzamage-fasen, som har gjort at eg har gått kledd i store kjortlar og kaftanar i heile sommar.

Eg såg Newton-programmet om graviditet og fødsel i går, som er det finaste eg har sett på tv nokon gong. Kanskje det berre er fordi eg er gravid, men syns det oppsummerar fint korleis det føles å være lykkelig, bekymra, redd, glad, kvalm og veldig følsom om kvarandre. Og fint med eit så ærlig program, som ikkje tullar det inn i rosa og blå skyer. Kan sjåast her.

4

Liljekonvall

image
Eg har masse fine bilder å vise frå bryllupet mitt! Begynnar med desse. Har sett på denne gifen hundre tusen gongar. Elskar gif. Likar Sivert i vinduet, dei vonbrotne ansikta og Arvid som fangar buketten som om ingenting.

_MG_7024
_MG_7036_MG_7047
_MG_7063

Gif: Johannes, Foto: Miriam Brenne Karlsen

2

Den egentlige kommunen

_MG_1747_MG_1726 _MG_1927_MG_1902_MG_2043_MG_2067

Forfattarportrett eg tok av Morten Langeland, som gir ut boka “Den egentlige kommunen” i høst. På Flamme, sjølvsagt. Likar best bildet der han held seg sjølv i hånda. Fin ting å gjere når ein blir tatt bilde av og ikkje veit kor man skal gjere av hendene sine.

0

X + A

_MG_8074_MG_9856

Her er eit av sesongens bryllup eg syns var skikkelig fint. Etter eg gifta meg sjølv har eg fått veldig stor respekt for alle som arrangerar bryllup, det er så masse jobb og planlegging man ikkje tenker over på forhånd. Dette brudeparet hadde arrangert så ufattelig fint, og det var rørande å sjå kor mykje familie og venner var involvert med å hjelpe til med alle mulig små ting. Som brudepar er det vanskelig å lene seg tilbake og satse på at det meste ordnar seg på bryllupsdagen, men dette brudeparet såg mest ut til å være opptatt av kvarandre. Kjempefint! Spesielt fint at dei hadde eit eige lite bord under middagen.

_MG_8304_MG_8311
_MG_8379
_MG_8436_MG_8472
_MG_8525_MG_8558
_MG_8567
_MG_8725_MG_8742
_MG_8833_MG_8855
_MG_9141
_MG_9273
_MG_9157_MG_9187
_MG_9211
_MG_9383_MG_9474
_MG_9393
_MG_9425
_MG_9645_MG_9785
_MG_9950
_MG_9148
_MG_9710bw_MG_9714bw
_MG_9756 2

2

Fuji x100t og Comosjøen

Hallo! Eg har fått nytt bloggdesign(av Mariell) og ny bloggadresse! Eg har også gifta meg sidan sist! Skal vise bilder seinare. Her kjem masse bilder frå bryllupsreisa ivertfall. Me fekk eit Fujix100t i bryllupspresang, er så takknemlig for det. Dei siste par åra har eg tatt altfor mange bilder med telefonen min, som eg aldri har printa eller brukt til noko. Så synd! På fridtida orkar eg sjelden å ha med speilrefleks, men no trur eg at koden er knekt. Eit lite, superenkelt kamera me begge kan bruke, som tar digge bilder. No blir det album og printing framover, lovar. Og blogging.
_DSF0238
Men, bryllupsreisa! Me var ved Comosjøen, og budde på denne B&B’en. Lov meg at du reiser hit! Fantastisk frukost, sjukt fint rom og balkong med kveldssol. Det einaste minuset er at man definitivt bør leie bil, litt upraktisk når berre ein av oss har lappen. Og litt skummelt med skorpionen som dukka opp på kjøkkenet ein morgon. Ellers er alt uvirkelig vakkert.
_DSF0245
_DSF0250
_DSF0306
_DSF0375
_DSF0397
_DSF0409
_DSF0443
_DSF0449
_DSF0457
_DSF0517
_DSF0549
_DSF0553
_DSF0559
_DSF0567
_DSF0579
_DSF0581
_DSF0718
_DSF0755
_DSF0675
_DSF0920
_DSF0976
_DSF0822
_DSF0602

0

Forfattarportrett

_MG_4428
_MG_4707
_MG_1977
_MG_2061
_MG_2161
_MG_2358
Eg er så heldig at eg får ta forfattarportrett av alle aktuelle Flammeforfattarar to gongar i året. Det kjennes litt som å blinddate masse folk rundt i Oslo, eg har møtt dei på kirkegården, i Botanisk Hage, ved Postgirobygget, heime hos meg og på plassar dei likar å skrive. Her er henholdsvis portrett av Victoria Durnak som er ute med “Torget”, av Atle Håland (som har sleppfest for “Han” på Liebling førstkommande mandag) og av Inger Wold Lund som gav ut “Ingenting skjedde” tildegare i vår. Eg skal lese alle tre.

2

The Northern Belle

_MG_8389
_MG_8444
_MG_8590
_MG_8564
Bilder frå utkast til The Northern Belle sitt nye platecover. Det er så vanskelig å velge blant hundre bilder som er ganske like, men har heilt forskjellig uttrykk. Det blei ivertfall siste bilde tilslutt!

0

Kjerringråkk

image

I kveld skal eg lese frå boka mi og snakke om skriving på Stormen Litteraturhus i Bodø! Er så spent, blir det for to personar eller ti tusen liksom? Eg kjenner ingen i Bodø, så DU må komme. Sjekk ut resten av Kjerringsråkkfestivalen på faceboook.

Håpar me sjåast!

0

Inga

_MG_5301
Inga kom innom studio med ein baby i magen. Heilt sprøtt. Eg likar så godt å få følge folk på denne måten! Neste gong me treffes er det ein til der.

Siden det er fredag skal eg dele denne spelelista her. Har høyrt den i fillebitar og har holdt på med den sidan oktober. Det er ei andektig greie for meg, det med spelelister. Om eg lyttar på ei liste eg lagde for tre år sidan blir eg dratt rett inn i universet eg var i då. Så her har du essensen av mitt oktober-januar.

0