Etterstad Kolonihage

På laurdag var me på festival i kolonihagen. No har eg endelig satt meg på liste for å få hus der, eg burde jo ha gjort det då eg flytta til Oslo i 2010. Eg kjøpte gulrotsyltetøy i rein forfjamselse, men angra på at eg ikkje kjøpte plomme- og rødvinsyltetøy. Så spennande å få gå litt rundt i dei små hagane. Eg får nesten litt vondt av å sjå kor fint folk har det.

_MG_6766
_MG_6798
_MG_6818
_MG_6810
_MG_6830
_MG_6885
_MG_6836
_MG_6799
_MG_6821_MG_6896
Eg ser så tydelig for meg korleis me ville hatt det. Ein god plass å sitte, ein solbærbusk og eit plommetre. Kanskje valmuar og gulrøtter. Og at Oslo ville være like utenfor gjerdet.

0

Eit klassisk Oslobryllup

Hmm, eg har ganske mange fine bilder frå i vår og sommar eg ikkje har orka å kuratere for bloggen. Men bryllup er alltid lett å flette inn blant kvardagsbildene, så tenkte eg skulle vise litt av det framover. Blir skikkelig inspirert av alle årets brudepar, dei er så forskjellige og overraskar meg stadig. Dette paret gifta seg på Tinghuset, med kun forlovarar og paret som introduserte dei i rommet. Ingen stor greie, men etterfulgt av ei skikkelig bryllupsreise. Enkelt, elegant og veldig gøy! Me gjekk innom Nasjonalgalleriet for å ta brudebilder (og så klart eit cheesy Munchbilde). Etterpå kidnappa eg brudeparet med meg til Slottsparken før dei forsvant avgårde til bryllupsmiddag på restaurant.

_MG_5100_MG_5108
_MG_5207
_MG_5229_MG_5261
_MG_5299_MG_5301
_MG_5331
_MG_5474
_MG_5458_MG_5513
_MG_5542_MG_5559
_MG_6244
_MG_5931_MG_5661
_MG_6142
_MG_6148
_MG_6277_MG_6279
_MG_6281
_MG_6525_MG_6371
_MG_6334

2

De Urolige

_DSF7307
_DSF7396
_DSF7372
I dag fylte Elsa 1,5 år. Eg kom ikkje på det før langt ut på dagen, no biggie. Men eg tok masse fine bilder av ho i lyngen, med munnen full av blåbær og masse små tenner. Denne veka er den siste me har saman før barnehage og eg fyller den med det ho likar best. I dag var det blåbær. Ho stod i to timar og plukka sjølv, rett i munnen såklart. Alle formødrene mine må ha levd av å plukke, kvar gong eg plukkar knitrar det i belønningsystemet i hjerna. Jaja, det er vel 200 000 år gamle nyheiter.

I helga var me på hyttetur. Eg såg to elgar på nært hold og leste ut Linn Ullmann “De Urolige”. Likte den godt, så fine beskrivelsar om å være fange i sin egen oppvekst, om små ting som å kjøpe dressar til begravelse og spontanabort. Fint om foreldre i all sin menneskelegdom og om å være ein som ser. Storslagent og nært om kvarandre. Glad eg leste den. Hugsar eg var i ein bokhandel for eit par år sidan, der Linn Ullmann signerte akkurat den boka. Egentlig ville eg gå bort, men eg var for flau. Men eg kunne jo berre ha gjort det.

1

Ny tid

_MG_9200
_MG_9210_MG_9227
_MG_9220
_MG_9264
_MG_9270_MG_9300
I dag var første skikkelig kalde dag i Oslo. Har hatt ullgenser og strømpebukse, men frøys likevel. Eg tenker på den deilige ferien eg har hatt med desse to. Fire veker saman, med masse av tid til å reise på utfluktar, være heime, fikse småting i leiligheten, bake og bade. Om to veker byrjar Elsa i barnehagen, då startar det egentlig livet! Eg gledar meg så ekstremt til å kunne flytte arbeidstid frå kveld til dag, til å kunne hente ho tidlegare dersom savnet blir for stort, til å henge opp ein ny lampe, plukke sopp og blåbær, gå på arrangement på litteraturhuset, loppemarked, skrive på ein faktisk pc istadenfor iphone på lekeplassen, svømme på morgonen og synge i det nye koret. Oslo er best om hausten, alltid. Eg og Henrik møtte kvarandre om hausten, fredag 2. september for å være nøyaktig. Før det pleide eg ofte å tulle med at Oslo var amors by, men det er ikkje tull.

3

Lago di Como

_MG_8509
_MG_8528
_MG_8400
_MG_8537
_DSF6652
_MG_8520_MG_8512
_MG_8516
_MG_8415
_MG_8422_MG_8497
_MG_8302
_DSF6932
_DSF6922
_DSF6920
_MG_8568
_MG_8730
_DSF6844_DSF6629
_DSF6508
_DSF6942
_MG_8770_MG_8825
_DSF6788
_DSF6687
Comosjøen minnar litt om vestlandet. Eg kjenner meg straks heime i landskapet. Omringa av fjell, frodig og grønt. Det veks kløver og groblad, samme som heime. Kaldt og morgonen, før sola vell over fjelltoppane. Ei natt var det tordenvær, men det var den natta eg sov best. På morgonen stod me opp med Elsa, kokte graut på eit lite kjøkken og sprang rundt i hagen til den ordentlege frukosten var klar. Det fanst ingen barnestol der, Elsa fekk sitte på ein antikk stol med silketrekk, eg noia for all yoghurten og brødsmulane som havna på den. Overalt i hagen og huset står små stilleben av gamle møblar, syklar og skrot. På formiddagen sov Elsa i vogna medan me leste bok og drakk kaffi. Så snart ho våkna måtte me ha pizza, fort! Trafikken er så vanskelig, ein dag vart Henrik nesten påkjørt i eit fotgjengarfelt. Eg og Elsa stod like bak og vart så skremt at tårene fossa. På ettermiddagen bada me i badekaret på rommet. Verten vår, Nadia passa babycallen eit par kveldar. Då var me på restauranten nede i gata, som var litt fantastisk. Vanligvis ville eg aldri latt nokon eg ikkje kjente veldig godt passe, men det var annleis med Nadia. Men dei fleste kveldane satt me på balkongen til sola gjekk ned, med pizza og bøker. Det fins ein liten sti like ved huset, der ein kan gå opp i fjella. For to år sidan gjekk me den stien og bada nakne i elva. Denne gongen bada me på dei steinete strendene, eg skulle ønske eg hadde badesko til meg sjølv også. På den aller varmaste dagen fekk Elsa ein stor jordbærsorbet, ho åt heile.

2

Ciao!

_MG_8676
Hei frå ferien! I skrivande stund høyrer eg på det nye Lana Del Rey-albumet og har akkurat sendt avgårde bryllupsbilder. Tidlegare i sommar var eg og den vesle familien min i Italia, tilbake der me var på bryllupsreise for to år sidan. Elsa låg i magen då, uten at me visste det. Det var deilig å være tilbake, denne gongen med det eg ønska meg aller mest då. No har me vore heime i eit par veker og eg er virkelig i feriemodus. Sorry om eg ikkje har svart på e-posten din. Eg har lest ferdig “Et lite liv” av Hanya Yanagihara, den gjorde fysisk vondt å lese og eg angra fleire gongar på at eg hadde begynt på den. Har aldri grete så hardt av ei bok før. Men den var nydelig også. I kveld skal eg lese dei siste sidene i Milan Kundera “Tilværelsens uutholdelige letthet”, som eg kjem til å skrive ned eit par favorittsetningar frå. Etter det veit eg ikkje kva eg skal begynne på. Noko lystig kanskje.
_MG_8636_MG_8640
Over til Italia! Me budde på L’albero delle Noci ved Comosjøen. Reis dit, berre gjer det. Bestill rommet med utsikten. Lytt til alle rådene verten Nadia gir deg. Et verdens beste pizza i verdens minst sjarmerande lokale i landsbyen der. Gå tur i fjellet. Voila, verdens beste ferie. Advarsel! Stress med italiensk trafikk. Eg har masse fine bilder derfrå, kanskje eg postar fleire om det blir regnvær ein dag.
_DSF6473
_DSF6933
_MG_8710
_MG_8738
_MG_8740
_MG_8534

1

Paris-Bergen

_MG_5095
_MG_5071
_MG_4870
Så deilig med nok ei kort veke. Pinsen var rar, det hendte ting i verda eg skulle ønske ikkje hadde hendt. Eg skulle ønske unge jenter iført katteøyrer slapp å danse for andre unge jenter som vart drept på ein lignande konsert. Eg såg nye Twin Peaks (SPOILER ALERT) og lurte på kor mange nakne, drepte kvinner uten eigne historiar som trengs for å lage tv-serie. Om livet imiterar kunsten eller wtf.

Vel, ein ting som gjer veka både kort og fin; i morgon gjestar eg Litteraturhuset i Bergen for å snakke om Paris som litterær kulisse. Det blir spennande, eg veit ganske lite om arrangementet, men trur det blir ein laus og ledig samtale om verdas mest komplekse by. Facebook-arrangement her.

0

Pocket og oppdatering

_MG_7615
Hei! No er det lenge sidan eg har vore her! Mai har vore full av fotooppdrag, eg har konsentrert meg mest om det og om å nyte favorittmånaden min. Tenk at denne våren er så annleis enn den i fjor. Både i kjensle og i kvardagen. Frå å skubbe ein sovande baby rundt i gater og parkar har eg ei stor jente som klatrar og tullar. Frå å være bekymra over å være borte frå babyen i meir enn to timar, til å nyte alle spennande oppdrag som kjem inn. Eg har skrivebordet vendt ut mot ei stor, grønn hengebjørk. Begge balkongdørene opne når det er varmt. Drømmer om å finne eit par perfekte solbriller på second-hand. I sommar skal me fly til Italia, eg gruar meg til å fly (flyskrekk) men ser fram til å vise Elsa skyene frå andre sida. I går var me på ein visning, i hagen fanst ei uvanlig stor rhododendron. Me såg ho springe rundt i graset, peike på planter og plukke løvetann. Me er livredd for å ta feil valg, no når alt er så fint, kvifor endre noko?

I forrige veke fekk eg ei stor kasse med pocketbøker av “Ungdomsskulen”! Eg syns den er kjempefin, er så stolt over å ha fått den på pocket. Håpar den får bli med på mange strender. Ein gong gjekk ein venn av meg forbi nokon som satt på kafé i Lisboa med boka mi. Eg har aldri vært i Lisboa, men det har den.

3

Nora Eide

_MG_5247
_MG_5258_MG_5050
I dag skal eg lese på slippfesten for Nora Eide si bok “Familien din”. Info her! Tok forfattarportrett av ho i vinter, og eg syns dei vart skikkelig fine. Tenker på Elsa i Frost når eg ser dei.

Kanskje me sjåast i kveld?

0

Ein god påske

_MG_9194
_MG_9239
_MG_9212
_MG_9249
_MG_9252
_MG_9367
_MG_9296
_MG_9330
_MG_9404
_MG_9450
_MG_9485
_MG_9525
Så deilig med kort veke! Eg hadde ein god påskeferie, me fekk bli med Sivert og Caroline til Helgøya. Luksus å kjenne nokon med spennande hytter ved vatnet. Eg gjorde absolutt ingenting der, utenom å lese, rote i cd-samlinga og lage mat. Elsa begynte å gå for alvor og utvikla seg masse motorisk. Me hadde påskeeggjakt, såg Paradise Hotel, Sivert og Caroline rydda og fiksa i hagen, eg tok ein joggetur, Karina kom på besøk og Sivert bygde ein fuglekasse. Den eine dagen spaserte me til Skafferiet og spiste kaker. Bra ferie. Og no er det helg igjen, hoho!

0