Barnehagestart

_MG_7013_MG_7010
Forrige veke hadde me barnehagestart! Man kjenner at man lever etter ei slik veke. Det er så masse kjensler, så langt er det nok eg som har stått for all grininga i barnehagen. Eg spionerte på Elsa medan ho sykla på ein trehjulssykkel ein av dei første dagane og det var så stort å sjå ho ha sitt eige liv. Eg kan framleis ikkje levere uten å felle eit par tårer når eg går ut av porten, det er sårt å vite at eg ikkje alltid kan trøste, kose eller være der når ho spør etter meg. Ikkje at eg trur ho spør så mykje etter meg, eg er nesten litt fornærma over kor kul ho er når ho valsar inn og såvidt har tid til å sei hadet. Det er så mange nye relasjonar å bygge, og eg har måtte tenke litt gjennom kva slags mamma eg skal være i barnehagen. Så langt prøvar eg så godt eg kan å sleppe kontrollen og stole på at barnehagen har meir erfaring med småbarn enn eg har. Sjølv om eg tek meg sjølv i å lure på om dei hugsa å ta på lue eller om dei veit at ho ikkje vil ha melk til maten. Elsa starta samme dag som venninna si i oppgangen, å sjå dei gå til barnehagen medan dei holdt hender var kanskje det finaste med alt. No startar det store eventyret om vennskap, ein ting eg aldri kan gi ho. Eg har hatt ho i magen, sett det første smilet, det første skrittet og tidvis tenkt på ho som ein del av meg sjølv. Tanken på at ho får sine eigne venner og andre voksne å stole på er heilt overveldande. Eg kan ikkje ønske meg noko meir enn å få bli med, vake over ho frå vinduet medan ho syklar avgårde med det store, ville smilet.

1 Comment
  • Mathilde Nicoline

    September 2, 2017 at 10:29 am Reply

    Altså jeg dør av barn med blafre-sekker, så insane søte!

Post a Comment