Baby Elsa

_MG_3384
_MG_3372
_MG_3474
_MG_3414
Elsa kom på morsdag og valentinerdagen, akkurat som eg hadde tippa. Fødselen var lang og slitsom, starta veldig dårlig og endte heilt fantastisk. Heldigvis fekk eg ei jordmor som såg meg, og skjønte at eg måtte ha smertelindring då eg ikkje var i stand til å be om det sjølv. Er så stolt over meg sjølv etter den fødselen, eg var så sterk. Om eg nokon gong skal føde barn igjen veit eg akkurat kva eg treng og kva eg skal gjere, det er ein skikkelig bra følelse. Den første natta var eg åleine med babyen på barsel, det var heilt feil at Henrik og eg måtte være borte frå kvarandre den natta me fekk barn. Sørgelig at ein sparar skattepengar på den måten, men resten av svangerskapsomsorgen har vore fantastisk. Jordmora mi kom inn til meg då eg låg med ein lys våken nyfødt som trengte meg og alt eg ville var å få sove. Ho strøyk meg på kinnet og lot meg få snakke litt om fødselen, det var eit så fint øyeblikk.

Elsa er ein lykkelig og deilig baby, sjølv om eg har henne på meg 24 timar i døgnet klarar eg ikkje å slutte å sjå på det gode fjeset. Det har vore kjempetøft å komme i gang med amming, men når eg ser kor godt det gjer henne får eg motivasjon til å holde ut. Då me veide henne sist jubla eg som om eg hadde vunne i Lotto. No har eg heldigvis klart å feilsøke problemet og får riktig behandling. Henrik har gjort alt for meg sidan me kom heim, passa på at eg får i meg mat og får kvile innimellom. Me ler og griner om kvarandre, tek high fives i senga når me får Elsa til å sovne søtt ved morgongry. Før fødselen snakka jordmor om kaoset som ville oppstå i starten, eg kan tydelig hugse eg sa til Henrik at ikkje heilt skjønte kva slags kaos ho meinte. Det skjønnar me no, og me har ledd litt av at me trudde me skulle sleppe unna våkennetter og utrøstelig baby. Me rekk ikkje fylle vatn på tulipanane, no er all fokus på å nyte kvarandre.

Eg har djup respekt for alle mødre der ute. Kjenner meg så kul som får være ein del av den gjengen.

10 thoughts on “Baby Elsa

  1. Åh, så nydelig du skriver. Ta vare på de følelsene og de første dagene, ukene. De er så verdifulle og fine. Nyt å være i den lille, fantastiske bobla! Velkommen i klubben, vi mammaer er noen skikkelige tøffinger alle sammen. Bra jobba.

  2. Gratulerer, både med nydelige Elsa og med å ha kommet dit dere er nå. Tenk å komme gjennom noe sånt.

    Det første bildet fikk meg til å tenke på noe jeg har hørt mange ganger; at når jeg var nyfødt og storesøsteren min fikk se meg for første gang så sa hun: “se! hun har tær også!”
    Det er helt sprøtt at det går an å skape noe sånt.

  3. Åå! Gratulerer! Nå ble jeg glad <3 Har hengt på i mange år, siden kval&actionfilm, paris og tøyenbadet. Håper livet går godt for dere.

  4. Gleda er mest altfor stor å bera.
    Hei, vesle unge, velkomen til jord!
    Ubrukt er livet ditt, ope ligg verda,
    ventar, og gler seg til dine spor.

    Gratulerer med Elsa, og velkommen i den beste klubben jeg vet om. Mamma/pappa-klubben. <3

Leave a Reply

Your email address will not be published.